Foreldremøte for spelarar fødd 2013

Foreldremøte for spelarar fødd 2013 vert tysdag 10.september!

For andre året går Fotballklubben Voss (FBK Voss) og Voss Handballklubb (Voss HK) saman om å tilby ballspel ei gong i veka for seksåringane. Skuleåret vert delt inn i ein fotballsesong og ein handballsesong. Fram til haustferien spelar borna fotball ute, etter haustferien og fram til april spelar dei handball inne. Ein kan sjølvsagt velje å kun vere med fotball, eller kun vere med på handball. Bakgrunnen for å ha felles oppstart er at me planlegg året i lag slik at me er samarbeidande tilbod i staden for konkurerande
og så vert det eit mindre foreldremøte å reise på ;)

Nokre er kjempe klare for å starte med fotball og/eller handball no i haust, andre vil kanskje vente til våren medan andre igjen ikkje er sikre på om ein vil starte i det heile. Uansett så hadde me satt stor pris på om føresette har moglegheit til å kome på foreldremøte, slik at me får moglegheiten til å informere om vårt tilbod.

For å melde seg på fotball og/eller handball så går de inn på linken under og fyller ut. Dette er ikkje verken bindande påmelding eller innmelding - kun for at me skal få oversikt over kven som kunne tenkje seg å vere med. Veldig fint om ein får gjort det før foreldremøte.

https://forms.gle/5AJeknLT1svGMun58


Foreldremøte vert: TYSDAG 10.SEPTEMBER KLOKKA 18:00 I KAFEEN I VOSS IDRETTSHALL

Fyrste trening vert: ONSDAG 11.SEPTEMBER - Oppmøte 16:45 i kjellaren i Voss Idrettshall


Meir informasjon kan de finne på heimesida til FBK Voss:
https://fbkvoss.no/portal/arego/club/682/contentcategory/948524965

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift