Sanna Skulstad Dregelid seier opp stillinga som Sport-og klubbutviklar

Sanna Skulstad Dregelid har sagt opp stillinga si som Sport- og klubbutviklar med verknad frå 1.september 2019.

Bakgrunnen for oppseiinga er ei personleg vurdering av den totale livssituasjonen med jobb, trenaroppgåver og aktivitet som spelar i FBK Voss, jobb på Voss Gymnas og studieplanar til hausten. FBK Voss har vore hovudfokuset sidan Sanna byrja å jobba i klubben i 2015 og ho ynskjer no å prioritera anleis.

FBK Voss ynskjer å takka Sanna for jobben ho har gjort som sport- og klubbutviklar. Sanna har vore sentral i utviklinga av klubben på mange område og ho har sett eit tydeleg positivt preg på dei sportslege rammene i trenings- og kampkvardagen.

I tida fram til 1.september skal Sanna halda fram med arbeidet med Kvalitetsklubbprosjektet og sportadministrative oppgåver.

FBK ynskjer Sanna lukke til vidare og håpar å sjå ho som fotballspelar og engasjert medlem i klubben i mange år framover.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift