Til alle brukarar av KIWI-banen og Olabanen

Då er me godt inne i ein ny fotballsesong og det er herleg å sjå kor mykje aktivitet det er på banane ! Ingen ting er betre enn at born, ungar, vaksne, skuleklassar, vennegjengar og mange fleir nyttar banane til aktivitet og sosialt fellesskap, MEN..... hugsar de å ta vare på fotballbanane?

Like sikkert som at når våren er her og temperaturen oppmodar til uteaktivitet og shorts så vert det ein ny runde med litt småkjefting når det gjeld alle si vilje og evne til å rydde opp etter seg og følgje dei reglane som gjeld for KIWI-banen og Olabanen. Fyrst vil eg sei at dei aller fleste er veldig flinke!! Hadde det ikkje vert for at fleirtalet faktisk tek omsyn og følgjer dei reglane som er satt så hadde nok begge banane vert to store ubrukelige søppelplassar. Difor ekstra synd at det er nokre som risikerer å øydelegge for ALLE. Me har opne banar som absolutt alle på Voss i stor grad står fritt til å bruke. Skuleklassar, barnehagar, andre klubbar, vennegjengar ++ ALLE er velkomne! Me ynskjer å ha det slik, me vil at banane skal nyttast av flest mogleg. Me vil at måla skal stå utan lås, at portane er opne og at ein kan nytte banane slik det høver.

For at dette skal vere gjeldande også i framtida så må alle vere bevisste sitt ansvar for å ta vare på kunstgrasbanane. Alle har sikkert sett skiltet, men har de lest kva som står på det?

I

I tillegg til dette så:

    • Søppel skal sjølvsagt kastast i søppeldunkane som står rundt bana
    • Måla er ikkje hengekøyer eller klatreveggar
    • Sykkel = køyretøy
    • Klede og sko kostar pengar så ta det med dykk heim og ikkje la det ligge til oppbevaring på banane
    • Er det mål som er øydelagt, manglar hjul, hol i nettet osb. send ein e-post til sport@fbkvoss.no så skal me fikse det!
    • DET SKAL IKKJE RØYKAST ELLER NYTTAST SNUS NÅR EIN ER KOME INNOM GJERDET!

    Pass på kvarandre. Det er fort å gløyme, men viss alle prøver å gjere litt så vert det fort så veldig mykje betre !

    Dette er ikkje ein vrang og vond banemeister som ikkje vil at banane skal nyttast - dette er eit lite rop om hjelp til å halde aktiviteten slik den er i dag!

    ©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift