Månadens Fair play-kamp for gutar er G16 FBK Voss - Smørås IL

Månadens Fair play-kamp er ein del av kretsen sitt Fair play-arbeid og denne gongen var me so heldige at Gutar 16 sin heimekamp mot Smørås IL torsdag 9.mai klokka 20:00 er vald ut.

Me syns det er veldig kjekt at me har fått Fair play-kamp til Voss og ynskjer difor å skape ei ekstra fin ramme rundt kampen.

Det vert open kiosk, flagg, musikk og innmarsj. Me håpar sjølvsagt at det kjem mykje publikum som er det absolutt beste for å skape ei flott ramme rundt kampen.

Det kjem representantar frå kretsen som skal vere med laga i forkant, undervegs og etter kampen.

Yr melder opplett og litt varmare ver, så det finst inga unnskyldning for å ikkje ta turen ned på Olabanen torsdagskveld! :)

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift