Velkomen til Løkkelaurdag

Laurdag 4.mai frå 12:30 - 14:30 arrangerer me Løkkelaurdag på KIWI-banen for spelarar i alle aldera

Me ynskjer å sette fokus på den uorganiserte aktiviteten, gjennom det delvis organiserte tilbodet "Løkkelaurdag". Spelarane møter på bana til 12:30 og varmar opp, medan me lagar til banar og deler inn i lag. Me styrer kamptid, pausar og eventuelt rullering på lag og banar. Det vil ikkje bli "oppsyn" med dei som deltek, alle føresette har difor ansvar for sine eigne born.

Tilbodet er for spelarar i ALLE ALDERA! Frå barnefotball til seniorfotball!

Stikkord for tiltaket er:

  • Å ha det moro
  • Mesterlære
  • Mykje spel
  • Handheving av reglar og Fair play
  • Indre glede og motivasjon for å spele fotball

Vel møtt til det som forhåpentligvis vert ein veldig flott fotballaurdag på KIWI-banen !


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift