Velkomen til Smalahovecupen 2019

Laurdag 2.november går Smalahovecupen av stabelen igjen. Meld dykk på haustens store fotballfest på Voss!

Fotballklubben Voss inviterer tradisjonen tru til veteranfotballfest laurdag 2.november! Kampane i Samalhovecupen vert spela som femmarfotball og det er full rulle heile dagen. Turneringa går på kunstgras ved sentralidrettsanlegget i Prestegardsmoen. Me har tilgjengeleg 8 banar med kunstgrasdekke. Garderobar, kafè og toalett er å finne i Voss Idrettshall. Elles er det også kiosk ved baneområdet.


Her er årets klasseinndeling:

Klasse A: Kvinner veteran, o.28 år

Klasse B: Menn superveteran, o.60 år

Klasse C: Menn veteran, o.45 år

Klasse D: Menn old boys, o.33 år

Klasse E: Open/bedrift


Bankett med smalahove vert som tidlegare i Vossasalen på Park Hotel. Dørene opnar kl 20.00. Her blir det premieutdeling, matøkt og live dansemusikk med det dyktige Vaksdalsbandet Rakkadeis!


Pris for bankettbillett: 450,- (500,- om ein ynskjer pinnekjøt)

Påmeldingsavgift: 3500,- per lag. Dersom ein deltek på banketten vert denne redusert til 2500,- og ved påmelding av 2 lag i same klasse og deltaking på bankett vert avgifta redusert til 2000,- per lag.


For eventuelle spørsmål og nærare opplysningar, kontakt Einar i FBK Voss: einar@fbkvoss.no eller 976 74 536.


Påmelding innan 10.oktober: https://www.profixio.com/reg/smalahovecupen-2019

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift