Medlems- og treningsavgift for 2019 sendt ut

Medlems- og treningsavgift for sesongen 2019 vert i dag sendt ut til alle spelarar som er registrert på lag i FBK Voss, med unntak av spelarar på Oldboys og Superlaget som får det tilsendt over påske. Har du ikkje mottatt faktura - ta kontakt på kontor@fbkvoss.no.

Som i fjor vert avgifta sendt frå medlemssystemet vårt med avsendar spoortz.no. Desse vil også komme opp som mottakar ved betaling då betalinga til FBK Voss vert gjort gjennom ein kundeklientmiddelkonto.


Kva går pengane til?

  • Forsikring gjennom fotballforsikringa
  • Spelardrakter
  • Lagsutstyr med ballar, vestar, hattar, keeperhanskar osv
  • Medinsinsk utstyr som isposar, teip osv
  • Leige, drift og vedlikehald av banane, brøyting, kjøp av mål osv..
  • Leige av hall vinterstid
  • Transport til kampar (for 15 år og oppover)
  • Kurs, utdanning, oppfylgjing og godtgjersle til trenarar
  • Betaling av dommarar
  • Cuptilskot og sosial stønad til lag
  • Oppstartspakker til alle ved oppstart i 3-ar fotballen


Alle medlem i FBK Voss betalar 300 kr for medlemskap. I tillegg kjem treningsavgifta.


Satsane for treningsavgift er sesongen 2019:

Minigut/jente 7-8 år:600,-

Minigut/jente 9-10 år:700,-

Lillegut/jente 11-12 år:1000,-

Smågut/jente 13-14 år:1200,-

Gut/jente 15-16 år:1600,-

Junior gut/jente:1000,-

Senior herre/dame:1000,-

Old Boys:1200,-

Superlaget:600,-


Om ein treng å utsetje eller dele opp betalinga - ta kontakt med Silje på kontor@fbkvoss.no så får me til ei god ordning! 😊

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift