Dugnadsregistrering til Voss Cup er opna!

Då er det igjen tid for å tenke på Voss Cup og den kjekke dugnadshelga me har i vente!

Som tidlegare år er ein heilt avhengig av dykk foreldre/føresette i FBK Voss for at me skal kunne arrangere ein så god cup som mogleg for store og små tilreisande fotballvener. Alle som har born som spelar fotball i klubben må difor bidra med ei dugnadsvakt kvar for at me skal få kabalen til å gå opp. Me ber om at alle foreldre registrerer seg i dugnadsskjema som no er tilgjengeleg på Voss Cup sine heimesider innan 1.mai ! Trykk her for å kome direkte i skjema!

På førehand tusen takk!


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift