"Prosjekt FBK Voss 2020"

Styret i FBK Voss vil i perioden 25. mars 2019 til 31. desember 2020 organisera administrasjonen i klubben som ein prosjektorganisasjon. Prosjektet skal bidra til å få på plass klarare styringsliner og betre fokus kring klubben sine viktigaste aktivitetar.

Bakgrunn

Administrasjonen og styret i FBK Voss byrja hausten 2018 å drøfta om me skal organisera oss på ein anna måte for betre å nå målsettingane til klubben. Drøftingane har resultert i at me vil etablera ein prosjektorganisasjon for å vurdera ein alternativ organisering av dei administrative funksjonane i klubben. Endringa inneber at fleire av dei tilsette i klubben får justert stillingsinnhald i prosjektperioden. Me ynskjer at prosjektet skal bidra til å få på plass klarare styringsliner og betre fokus kring klubben sine viktigaste aktivitetar. Arbeidet med å verta godkjent som kvalitetsklubb vil vera ein viktig del av prosjektet. I denne samanheng vert det sentralt å etablera ein velfungerande, fagleg sterk og representativ utvalsstruktur med involvering av klubben sine medlemmar. Dersom ein i løpet av prosjektperioden, eller ved avslutninga av prosjektet, vil etablera permanente organisasjonsendringar vil desse verta lagt fram for årsmøtet for godkjenning. Styret vil frå 25. mars 2019 etablere ein prosjektorganisasjon der fotballklubben vert styrt på 4 søyler. Prosjektet varer til 31. desember 2020.


Dei 4 søylene


1.Sport
Fotballklubben sin viktigaste aktivitet er sport. Der finn me trenings- og kampkvardagen med all tilhøyrande dugnadsinnsats, leiing og sportsadministrasjon. I tillegg til sportsadministrative funksjonar, som utførast av dei tilsette i klubben, vert det viktig å halda fram arbeidet med å få på plass ein sterk utvalsstruktur med sportsleg utval som leiande element. Sportsplanen er styrande dokument.

Sportsleg utval (SU) er det øvste rådgjevande organ for styret i FBK Voss i sportslege spørsmål og skal gje tilrådingar basert på sine drøftingar og sitt fotballfaglege skjønn. Utvaletskal bidra til at klubben når sine sportslege målsetjingar og at den sportslege aktiviteten i klubben vert gjennomført heilskapleg og i samsvar med sportsplanen. Utvalet rapporterer til styret i FBK Voss og er i praksis klubben sin sportssjef! Sanna har sekretærfunksjonen i SU og jobbar saman med Bjarte med sportsadministrative oppgåver og kvalitetsklubbprosjektet.


2.Anleggselskapet Voss Fotball AS

FBK Voss etablerte i 2004 dotterselskapet Voss Fotball AS som har lagt til rette for at klubben sine aktivitetar kan gjennomførast på Olabanen og Kiwibanen som me eig og drifter sjølve. Voss Cup har gjort det mogeleg å finansiera dei to kunstgrasbanane, garasje, materiell til vedlikehald, samt kiosken. I framtida kan både ein sportshall og eit klubbhus vera aktuelle prosjekt for anleggsselskapet. Dagens struktur med eit styre for ASet som rapporterer til styret i FBK Voss held fram. Arne held fram som dagleg leiar for anleggselskapet og rapporterer til styret i Voss Fotball AS om tilhøve som gjeld selskapet.


3.Voss Cup

Noregs største småbaneturnering er den økonomiske ryggrada i FBK Voss, men også ein viktig aktivitet for samhald og klubbfølelse. Dugnadsinnsats, sals- og sponsorinntekter under Voss Cup er og med på å finansiera klubbdrifta slik at medlems- og treningsavgifter vert halde på ei lågt nivå samanlikna med andre liknande klubber. Me opplever at det er krevjande å halde opp talet deltakarar til turneringa, noko som me ser att i klubbøkonomien gjennom lågare inntekter. Det er viktig at me heile tida utviklar og forbetrar produktet og at med skil oss ut blant eit aukande tal turneringar. Meir effektiv marknadsføring er viktig for å skapa merksemd kring arrangementet. Med unnatak for funksjonen i anleggselskapet vert Arne i prosjektperioden leiar for Voss Cup på heiltid. Han rapporterer til styret i FBK Voss. Det skal etablerast eit arbeidsutval som arbeider saman med turneringsleiar heile året.


4.FFO, Fotballfritidsordninga

Dei siste 2,5 åra har me i samarbeid med Norges Fotballforbund og Telenor gjennomført FFO (fotballfritidsordning) der målet er å utvikle rørsleglede og gode sosiale ferdigheiter. FFO er no ein sjølvfinansiert aktivitet. Bjarte er leiar for FFO. Han rapporterer fagleg til styret i FBK Voss. Når det gjeld dagleg drift rapporterer han til dagleg leiar FBK Voss.


Dagleg leiing av FBK Voss

Dagleg leiar har ansvar for den daglege forvaltninga av FBK Voss sine menneskelege og materielle ressursar. Dagleg leiar har mynde til å avgjera alle saker knytt til den daglege drifta av klubben dersom saka ikkje er av usedvanleg art og viktigheit.

Silje vert dagleg leiar for FBK Voss i prosjektperioden og rapporterer til styret om alle saker som omhandlar den daglege drifta i klubben.


Oppsummering

Styret i FBK Voss vil i perioden 25. mars 2019 til 31. desember 2020 organisera administrasjonen i klubben som ein prosjektorganisasjon. Prosjektet skal bidra til å få på plass klarare styringsliner og betre fokus kring klubben sine viktigaste aktivitetar. Prosjektet inneber at fleire av dei tilsette i klubben får justert stillingsinnhald i prosjektperioden. Den viktigaste formelle stillingsendringa er at Silje vert dagleg leiar i FBK Voss i prosjektperioden og at Arne vert leiar for Voss Cup på tilnærma heiltid. Arne held fram som dagleg leiar for Voss Fotball AS.

Arbeidet med å verta godkjent som kvalitetsklubb held fram. I denne samanheng vert det sentralt å etablera ein velfungerande, fagleg sterk og representativ utvalsstruktur med involvering av klubben sine medlemmar.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift