FBK Voss Dugnadskruset

Kven synest du fortener ein ekstra påskjønning for sin dugnadsinnsats i sesongen 2018?

Det er mykje dugnadsarbeid som vert lagt ned kvart år for klubben vår og det er mange som hadde fortent ein ekstra klapp på skuldra for all innsats og tid dei legg ned.

På kvart Årsmøte vert Dugnadskruset delt ut til ein person som har utmerka seg med ekstra stor dugnadsinnsats for klubben føregåande sesong. Denne personen får namnet sitt inngravert på kruset og får ha det på hylla til neste Årsmøte.

Dugnadskruset for sesongen 2017 vart tildelt Glenn Ove Hovland.

For sesongen 2018 ynskjer me innspel frå dykk til kven de synest fortener å få prisen.

Send ditt forslag til: kontor@fbkvoss.no

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift