Basistrening i barnefotballen fortset vinteren 2019

Tilbodet me gav i fjor med basistrening for spelarar i barnefotballen vart tatt så godt i mot at me har vald å vidareføre det denne vinteren.

Fotballklubben Voss er i namnet ein fotballklubb. Mange av borna som spelar fotball hjå oss er i tillegg knytt til andre klubbar og idrettar, og mange har meir enn nok å nytte tida si på. Men for dei som ikkje nødvendigvis driv med andre idrettar på vinterstid eller som har lyst på ei morosam og kjekk inneøkt på tvers av alder og kjønn så er denne økta for dykk.

Det vil vere spelarar i frå seniorlaga som leier øktene. For at treningane skal bli gjennomført på best mogleg vis så er det viktig at føresette går gjennom informasjonen som ligg på klubben sine heimesider i lag med borna som skal delta. 

For meir informasjon gå inn her

For å melde på, gå inn her

Håpar at det er mange som ynskjer å vere med laugh

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift