Prosjekt Voss vinteren 2019

Påmeldinga for Prosjekt Voss vinteren 2019 er no opna!

Me startar opp igjen med Prosjekt Voss laurdag 12.januar!

Prosjekt Voss er eit tilbod til alle våre naboklubbar, og målsettinga er å ha økter med kvalitet for ivrige og engasjerte spelarar. Det vert gjennomført 12 økter i tidsrommet 12.januar - 13.april på laurdagar 09:30 - 11:00 smiley

 

Prosjekt Voss er for spelarar fødd 2010 - 2003. 

Påmelding

Påmelding og betaling vert gjort per halvår. Det betyr at ein kun er påmeldt til dei datoane som er nemnd over. Ein betalar 600,- per spelar. Giro vert sendt på e-post ca. 17.januar. NB! Dei som er med på FFO+ på måndagar betalar ingen ting for å vere med, men de må likevel melde dykk på! 

 

Link til påmelding: https://goo.gl/forms/hysSpw1PPjXsehXE3

 

Viktige datoar:

11.desember: Påmeldinga opnar

10.januar: Påmeldingsfrist

12.januar: Fyrste økt

16.januar: Frist for avmelding om ein skal unngå å betale deltakaravgifta

13.april: Siste økt våren 2019

Meir informasjon? 

For meir informasjon - gå inn på Prosjekt Voss si eige side her

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift