Årsfest i Ungdomsfotballen 2018

Torsdag 15.november var over 200 spelarar samla til Årsfest i Ungdomsfotballen på Park

Tradisjonen tru så vart sesongen 2018 avslutta med brask og bram i Vossasalen på Park Hotel. Over 200 spelarar som hadde lagt treningskleda igjen heima og tatt på seg finkleda var litt av eit syn ! laugh Styreleiar Trond Syversen var konferansier for kvelden - finst ingen betre mann for den jobben. Han ynskte velkomen før årets film vart vist og etter det kom program, mat og prisutdelingar på løpande band. Kvelden er nok best oppsummert i bildeserien under, med biletekvalitet som representerer spelarar og trenarar på ypperlig vis: alltid full fart, breidt fokus og god stemning wink 

Avslutningsvis og før ein går vidare til bileta så er det greit og ha med seg hovudbodskapet i frå Trond om kva kvelden handla om, og ikkje berre kvelden men heile livet som fotballspelar. Fotball er eit lagspel, og sjølv om det alltid er nokon som vil bli kåra til årets spelar, bli tatt ut på kretslaget eller få prøvd seg på høgare nivå så er det vennskapet og det ein gjer i lag som skaper dei gode minna. Alt det ein gjer på i løpet av ein sesong gjer ein i lag med andre, alle nedturar, alle oppturar, alle dugnadar, alle latterkramper, alle mål scora alle nye ting lært - alt dette gjer ein med laget sitt, med trenarane, med lagleiarane - med klubben! Ta vare på kvarandre, lær av kvarandre og nyt den tida ein er fotballspelar og medspelar! smiley

 

Styreleiar Trond Syversen - kveldens konferansier

 

Jenter 13

Gutar 13

Jenter 14

Gutar 14

Jenter 15

Gutar 15 og 16

Jenter 19 - Dame 2 - Dame 1

Gutar 19 - Herre 2

Trenarbordet

Sceneshowet - fleire bileter på facebook-sida til FBK Voss

 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift