Sportsleg utval FBK Voss

Som ein del av kvalitetsklubbprosjektet og implementering av Sportsplanen har FBK Voss no fått på plass eit sportsleg utval. Utvalet vil vere det øvste rådgjevande organet for styret i sportslege spørsmål.

FBK Voss sitt sportsleg utval (SU) vert oppnemnd av styret i fotballklubben. Utvalet er leia av sport- og klubbutviklar. Utvalet skal setjast saman med basis i kompetanse og representativitet. SU er det øvste rådgjevande organ for styret i FBK Voss i sportslege spørsmål og skal gje tilrådingar basert på sine drøftingar og sitt fotballfaglege skjønn.  Utvalet  skal bidra til at klubben når sine sportslege målsetjingar og at den sportslege aktiviteten i klubben vert gjennomført heilskapleg og i samsvar med sportsplanen.  

SU si primære oppgåve er å leia arbeidet med å gjera sportsplanen til eit levande dokument i trenings- og kampkvardagen til klubben. SU skal bidra til å avklara eventuell sportsleg usemje og tolke sportsplanen. Prinsipielle spørsmål og større revideringsframlegg til sportsplanen skal leggjast fram for styret.

  • SU innstiller på val av hovudtrenar for klubben sine resultatlag (Dvs. dame og herre 1 & 2) og legg dette fram for styret for handsaming og tilsetjing.
  • SU rekrutterer og engasjerer trenarar for klubben sine lag i ungdomsfotballen.
  • Sport- og klubbutviklar engasjerer trenarar i barnefotballen.

Utvalet består pr. 14 november 2018 av fylgjande personar:
- Sanna Skulstad Dregelid
- Jon Roti
- Linda Fostervoll Kvamme
- Hallgeir Finbråten

Utvalet skal før sesongstart 2019 styrkast med 2 – 3 representantar som veljast frå underliggjande utval.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift