Prosjekt Voss hausten 2018

Påmeldinga til Prosjekt Voss hausten 2018 er no opna!

Me startar opp igjen med Prosjekt Voss laurdag 1.september! 

Prosjekt Voss er for spelarar fødd 2010 - 2003. 

Det vert gjennomført Prosjekt Voss følgjande laurdagar:

  • 1.september
  • 8.september
  • 15.september
  • 22.september
  • 29.september
  • 6.oktober
  • 20.oktober
  • 27.oktober
  • 10.november
  • 17.november
  • 24.november
  • 1.desember

Øktene varar frå 09:30 - 11:00 laugh

Påmelding

Påmelding og betaling vert gjort per halvår. Det betyr at ein kun er påmeldt til dei datoane som er nemnd over. Det vert ny påmelding for perioden januar til april. Ein betalar 600,- per spelar. Giro vert sendt på e-post ca. 6.september. Ved å delta på Prosjekt Voss så får ein moglegheit til å kjøpa ein gensar som er eksklusiv for Prosjekt Voss. Det vert lagt ut meir informasjon om dette når gensaren er på plass. 

Me har opna opp for at ein kan melde seg av igjen etter fyrste økta - viss ein finn ut at dette ikkje var noko ein ynskte å vere med på. Eventuell avmelding må skje innan 5.september. 

NB! Dei som er med på FFO+ på måndagar betalar ingen ting for å vere med, men de må likevel melde dykk på! 

Link til påmelding:  https://goo.gl/forms/rc7djq02YLdhMvUC2

Viktige datoar:

17.august: Påmeldinga opnar

29.august: Påmeldingsfrist

1.september: Fyrste økt

5.september: Frist for avmelding om ein skal unngå å betale deltakaravgifta

1.desember: Siste økt i 2018

Meir informasjon? 

For meir informasjon - gå inn på Prosjekt Voss si eige side her. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift