Påmeldinga til Stoke Fotballskule 2018 er no opna!

Påmeldinga til Stoke Fotballskule i haustferien 2018 er no opna! Gå inn og les meir om haustens store fotballhending på Voss!

I haustferien (veke 41) kjem det trenarar frå Stoke City til Voss for å halde fotballskule!  Dette vert tredje året me arrangerer dette.  Me har gjort oss våre erfaringar og i 2018 introduserer me difor ein del heilt nye ting knytt til fotballskulen. Fotballen er framleis i fokus, og med så dyktige trenarar som kjem til Voss denne veka så er ein garantert å vera ein litt betre fotballspelar når haustferien er over. Trenarne er tydelege og stiller krav, dei vert fort kjend med kvar spelar og legg til rette for utvikling og fotballglede i trygge omgjevnader. 

Dette får du som deltakar på årets fotballskule

 SPORTSLEG - Du får læra nye øvingar og henta ny inspirasjon frå dyktige trenarar frå Stoke City Football Academy. God coaching  med tilbakemeldingar til den        enkelte spelaren på teknikk og utføring. Dette kan du ta med deg tilbake til treningskvardagen og hjelpe deg til å bli ein betre fotballspelar. 

 

 

 SOSIALT - Du får nye vener blant fotballspelarar som du kjem til å ha det mykje moro med både på og av bana!

 

 

 

 

 

MÅLTID - Alle som melder seg på får lunsj og middag inklusert i prisen! 

 

 

 

 ANDRE AKTIVITETAR - 

            BADING i det nye Vossabadet

            FLY i vindtunnellen

            DISKOTEK på kvelden 

                                                                   OG MYKJE ANNA MORO ! laughlaugh

OVERNATTING - Me tilbyr overnatting på skule som er nærmaste nabo til fotballbanane. Deltakarar som overnattar får frukost, lunsj, middag og kveldsmat inkludert i prisen. Me stiller med nattevakter som passar på at alt går fint på skulen ! 

For meir informasjon trykk her

Link til påmelding finn du her

Er det spørsmål om innhald, opplegg eller påmelding? 

Ta kontakt med Bjarte Bergstrøm 

E-post: ffo@fbkvoss.no 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift