FBK Voss

Avtale med Mosjonsgutane

Avtale med Mosjonsgutane

For å kunne trene og spele fotball er prioritet nummer ein å halde seg skadefri. FBK Voss har difor for sesongen 2018/2019 inngått eit samarbeid med Mosjonsgutane for å betre legge til rette for at våre spelarar (og trenarara) kan drive skadeførebyggande og prestasjonsgfremjande trening. 

Skadeførebygande og prestasjonsfremjande trening 2003 - senior

Mosjonsgutane og FBK Voss har inngått ein avtale om medlemsprisar for FBK Voss på trening hjå Mosjonsgutane. Følgjande prisar gjeld for FBK Voss sine spelarar fødde 2003 og oppover:

Årsmedlemskap kort/kontant:             3500,- (ord. pris 4500,-)

Avtalegiro:                                                  300,- mnd. Bindingstid minst 12 mnd. (ord.pris 440,-/mnd.)

Off Season 01.12 - 31.05 kvart år:          1800,-

Sommarkort 2 mnd:                                   990,-

Sommarkort 3 mnd:                                  1295,-

Innmelding 250,- per person for elektronisk medlemskort. Gjeld kun nye medlem. Dette gir adgang til styrke- og kardiorom, Slakteriet og Buldreveg 24/7. 

Veiledningstime: Alle nye medlem får ein gratis veiledningstime av ein av Mosjonsgutane sine PTar. Dette er fyrst og fremst for eige sikkerheit, men også for at dei som trenar der skal få glede og framgang av treninga si. Dersom du som tidlegare medlem ikkje har nytta deg av denne moglegheiten kan du ta kontakt med reseosjonen. Det er viktig for Mosjonsgutane at alle som er medlem føler seg trygge når dei trenar. 

For vidare oppfølging av våre spelarar som trenar på Mosjonsgutane har Silje Hauge og Sanna Dregelid stilt seg til disposisjon for å ta i mot spørsmål og lage treningsprogram. Dei har begge fullført bachelor i idrett, fysisk aktivitet og helse, er sertifiserte personlege trenarar, har C-lisens i fotball, og eit stort engasjement for prestasjonsretta og skadeførebyggande trening i fotball. Ikkje ver redde for å ta kontakt med dei om det er noko de lurar på. Hugs at all trening ikkje nødvendigvis er god trening!

Les meir om kva trening Mosjonsgutane tilbyr på deira heimesider: http://www.mosjonsgutane.no/

 


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift