NFF Grasrottrenaren - lisensutdanning er trinn 1 av 4 i NFF sin trenarstege. Primærmålgruppa er trenarar i barne- og ungdomsfotballen, samt alle som har som ambisjon å vere trenar i spelaeutviklingssegmentet og vaksenfotballen. Utdanninga er delt inn i fire sjølvstendige delkurs som byggjer på kvarandre, der det er ynskjeleg at ein startar med delkurs 1 og avsluttar med delkurs 4. For ein mamma- og pappatrenar vil det vere gunstig å ta eit delkurs for så å praktisere med sitt lag i nokre år. Så går ein vidare på neste delkurs. Dette gir ein trygg progresjon og vil auke sjansen for å bli ein god barne- og ungdomstrenar.
Føremål:
- Å gje deltakarane sertifisert trenarutdanning
- Å auke kompetansenivået blant trenarane, primært med tanke på det daglege verke på treningsfeltet
Innhald
Fotballfaget:
- Å planlegge å gjennomføre god fotballaktivitet
- Å rettleia spelarar og laget på ein god måte i trening og kamp
- Å nytte seg av NFF sin skuleringsplan og Landslagsskulen samt å nytte Treningsøkta.no inn mot spelarar, lag og klubb
- Om totalbelastning, skadeførebygging, kosthald og restitusjon
- Fotballfysikk
- Målvakt og laget
Utvikling og læring:
- Trenaren som rollemodell for trivsel og miljø
- Å kunne legge til rette for riktig og tilpassa fotballaktivitet
- Å vektlegge ei mestringsorientert tilnærming til læring
- Å nytte seg av feedback og rettleiing som er mestringsorientert
Klubben som sjef:
- Fotballen sitt verdigrunnlag og konsekvensar for trenaren, laget og klubben
- Legge til rette for ulike laup i barne- og ungdomsfotballen
- Trenaren sine rettigheiter og plikter
- Laget og klubben sitt årshjul
Dei ulike delkursa
- Barnefotballkurset: Fire modular á 4 timar kvar - totalt 16 timar
- Barnefotball - flest mogleg med kvalitet: Fire modular á 4 timer kvar - totalt 20 timar inkludert Keepertrenarkurs 1, Del 1: Barnefotball
- Mot Ungdom - lengst mogleg: Fire modular á 4 timer kvar - totalt 16 timar
- Ungdomsfotball - lengst mogleg - best mogleg: Fem modular á 4 timar kvar - totalt 20 timar inkludert Keepertrenarkurs 1, Del 2: Ungdomsfotball
NFF sin handlingsplan 2016 - 2020
I NFF sin handlingsplan 2016 - 2020 er det eit uttrykt mål at i alle klubbar med barne- og ungdomsavdelingar i Noreg:
- Skal ha ein trenar på kvart årstrinn i barne- og ungdomsfotballen med Grasrottrenar kompetanse
- Alle trenarar i barnefotballen skla ha delteke på barnefotballkvelden, samt å ha fullført delkurs 1 og følgjeleg ha autoriasjon som Barnefotballtrenar.
- Alle trenarar i ungdomsfotballen skal ha delteke på ungdomsfotballkvelden, samt ha fullført delkurs 3 eller 4
FBK Voss - Trenarutvikling (henta frå Sportsplanen)
10.1 Målsetting
FBK Voss skal leggje til rette for trenarutvikling som er tilpassa dei sportslege målsettingane til klubben. Trenarane er dei viktigaste ressurspersonane når det gjeld å drive fotballaktiviteten etter dei verdiane og målsettingane som klubben har. Trenarutvikling betyr å skape gode møteplassar for utveksling av erfaringar og bygging av det sosiale trenarfellesskapet. Trenarutvikling betyr og å gje dei trenarane som ynskjer det tilbod om utdanning.
10.2 Konsekvensar av målsettinga
I kvalitetsklubbprosjektet ligg det visse krav til klubben når det gjeld utdanning av trenarar. FBK Voss har som målsetting å bli godkjend som Kvalitetsklubb på Nivå 1, som igjen betyr at eit løft på utdanningssida er viktig for klubben. Me meiner at utdanning av trenarar er eit viktig verktøy for å skape tryggleik, trivsel og tilhøyra både for spelarar og trenarar. At trenarane føler at dei meistrar og utviklar seg på feltet trur me at vil vere med å halde dei både lenge og godt i fotballen. Gjennom å skape møteplassar for trenarane på tvers av lag og nivå, ynskjer me å skape eit fellesskap der ein drar veksel på kvarandre sine erfaringar og får gode faglege og sosiale diskusjonar rundt det å vere fotballtrenar.
Kurs sesongen 2018/2019
Grasrottrenar Delkurs 1 vert arrangert på Voss i løpet av hausten 2018. Kurshaldar vil vere Trond Storheim.
Dato for kurset er:
- Tysdag 27.november: 17:00 - 21:00
- Torsdag 29.november: 17:00 - 21:00
- Tysdag 4.desember: 17:00 - 21:00
- Torsdag 6.desember: 17:00 - 21:00
Påmelding til sport@fbkvoss.no
Grasrottrenar Delkurs 2 vert arrangert på Voss i løpet av vinteren 2019
Dato for kurset vert publisert når den er klar !
Påmelding til sport@fbkvoss.no innan tysdag 6.mars.