FBK Voss

Sportsplan

Sportsplan

Ny Sportsplan klar ! 

Då nærmar arbeidet med den nye Sportsplanen seg slutten. 

Sportsplanen skal vere eit levande dokument for og av alle klubben sine medlem. Sportsplanen skal stake ut kursen for den sportslege aktiviteten og det er difor viktig at dette er eit dokument som alle bryr seg om!

Sportsplanen er ikkje endeleg vedteke. På Årsmøtet ynskte ein at det skulle settast ned eit utval som skulle jobba vidare med planen før den vert endeleg vedteke. Fram til då skal den fungere som klubben sin førebelse Sportsplan. 

Å knyte Sportsplanen til aktiviteten kan vere utfordrande. Me jobbar difor med ei utviklingstrapp både i barne- og ungdomsfotballen som skal hjelpe med dette. Enn så lenge så er det berre utkastet til utviklingstrappa i barnefotballen som er klart. Du finn den her !

Tilbakemeldingar kan sendast på e-post til: sport@fbkvoss.no

Kva seier sportsplanen noko om?

Sportsplanen er klubben sitt styringsverktøy og hjelpemiddel for trenaren, lagleiaren, spelarane, foreldre og andre involverte i aktiviteten.  Med utgangspunkt i klubben sine verdiar og målsettinger legg sportsplanen grunnlaget for ”Flest mogleg – lengst mogleg – best mogleg” i eit trygt og utviklande miljø for alle. Sportsplanen er det viktigaste reiskapet for at  ”Klubben er sjef”.

Gjennom fotballåret 2019 kjem me til å auka fokuset på å gjera Sportsplanen kjend for alle i klubben! Det betyr at den vil vera eit tema på alle møteplassar (foreldremøte, spelarmøter, trenarforum osb). Me sett oss og som mål og opprette nye rollar inn mot laga for å få den implementert i den daglege aktiviteten. Likevel er det veldig viktig at alle tek ansvar for å gjere seg kjend med den og bruke den aktivt i kvardagen. 

Lukke til! smiley


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift