FBK Voss

Avslutningsturnering i barnefotballen

Avslutningsturnering i barnefotballen

Dato: Laurdag 23.november Stad: Voss Idrettshall Klokkeslett: 09:00 – 17:00


Det vert følgjande spelformer:

2013 og 2012: 3ar

2011 – 2009: 5ar

Påmelding gjer de til sport@fbkvoss.no innan fredag 13.november. Her treng me følgjande info:

  • Namn på laget
  • Årstal fødd
  • Kontaktperson

Ta omsyn til kor mange spelarar som har meldt seg på når de melder på lag. Prøv å unngå å ha mange innbyttarar per lag. Det er meininga at det skal bli tre kampar per lag, men dette kjem sjølvsagt an på kor mange som melder seg på. Ta kontakt om det er spørsmål! 😊

Håpar at alle prioriterer denne turneringa! 😊

Me sender ut kampoppsett og meir informasjon i starten av veke 47!


Praktisk informasjon

Kampavvikling

  • Ein skal nytte innsko eller joggesko med lys såle
  • Alle skal ha på seg leggskinn
  • Det vert felles igangsetting og avslutting av kampane i frå Sekretariatet
  • Speletid: 1 x 18 min
  • Viktig at dei neste laga er i området rundt banane i god tid før kampen før dei skal starte sin kamp
  • Hugs Fair play helsing før kampstart!
  • Det er vestar på kvar bane

Kiosk

Det er kiosk med sal av mat og drikke

Innlevering av drakter

Dei som har fått utlevert drakter ved sesongstart skal levere desse inn etter siste kamp. Ein hentar liste og pose ute ved kiosken. Ein kryssar av dei som leverer inn (og fører på om det er endring i draktnummer i forhold til det som står på lista - og fører på om det er namn som ikkje står på lista men som har drakt). Legg alle draktene samla i ein pose med lista oppi (hugs å knyt igjen) og puttar den i ein av dei svarte søppelsekkane som er der.

Lagbilde

Me lagar til eit område ved inngangen til garderobane i kjellaren der ein kan ta lagbilete om ein ynskjer

Ellers så håpar me at de får ei flott fotballdag!!


Ta kontakt om det skulle vere noko på e-post: sport@fbkvoss.no


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift