FBK Voss

Prosjekt Voss

Prosjekt Voss

Prosjekt Voss Hausten 2019

Prosjekt Voss er for spelarar fødd 2005 - 2011

Til høgre på sida finn de skuleringsplanen for Prosjekt Voss. Denne seier noko om korleis me ynskjer at øktene skal organiserast og korleis me differensierer.

Det vert gjennomført Prosjekt Voss følgjande laurdagar 09:30 - 11:00:

    • 7.september - Fyrste økt
    • 14.september
    • 21.september
    • 28.september
    • 5.oktober
    • 19.oktober
    • 26.oktober
    • 9.november
    • 16.november
    • 23.november - Siste økt

    PÅMELDING

    Påmelding og betaling vert gjort per halvår. Det betyr at ein kun er påmeld til dei datoane som er nemnd over. Det vert ny påmelding for vinteren/våren 2020. Ein betalar 600,- per spelar. Giro vert sendt ut til oppgitt e-post adresse ca. 11.september. Ved å delta på Prosjekt Voss så får ein moglegheit til å kjøpe ein gensar som er eksklusiv for Prosjekt Voss. Gå inn her for info og bestilling av gensar (ikkje klart endå).

    Me har opna opp for at ein kan melde seg av etter fyrste økta - om ein finn ut at dette ikkje var noko ein ynkste å vere med på likevel. Evenetuell avmelding må skje skriftleg innan 11.september på e-post til kontor@fbkvoss.no

    NB! Dei som er med på FFO+ på måndagar betalar ingen ting for å delta på Prosjekt Voss, men ein må likevel melde seg på!!

    For å melde på - gå inn HER


    INFORMASJON UNDERVEGS

    Prosjekt Voss har ei eige side på facebook som heiter "Prosjekt Voss". Her vert det lagt ut informasjon om komande økt, om det er noko spesielt som skjer o.l. Me ynskjer at alle som ikkje kjem på trening gjer beskjed om det her eller på melding til Magne Himle. Dette fordi me ysnkjer å ha så god kvalitet på øktene som mogleg, for å få dette til er me heilt avhengige av å vete kor mange som kjem. Så gje beskjed i god tid!


    VIKTIGE DATOAR

    20.august: Påmeldinga opnar

    4.september: Påmeldingsfrist

    7.september: Fyrste økt

    11.september: Frist for avmelding om ein skal unngå å betale deltakaravgifta

    23.november: Siste økt hausten 2019


    FOR SPØRSMÅL, TA KONTAKT MED:

    Magne Himle

    Tlf. 91648607

    E-post: sport@fbkvoss.no



    HOVUDSPONSOR

    ANDRE SPONSORAR

     

    ©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift