FBK Voss

Vintertrening

Vintertrening

eningstidene om vinteren vil varierer i frå resten av året. I treningssamanheng er det og ein del viktige retningslinjer som ein ikkje har resten av året. Veldig viktig at alle klubben sine medlem tek omsyn til kva årstid ein er i og rettar seg etter dei reglane som gjeld, både med tanke på å ta vare på si eige helse, og for at banar og utstyr skal vare vinteren gjennom.

Kunstgrasbanane

For å minske belastninga på banane så har me vedteke å kun brøyte KIWI-banen i løpet av vinteren. For å klare å halde banen snøfrie er ein heilt avhengig av at dei som nyttar banane følgjer retningslinjene som ligg vedlagt i pdf dokument på sida. Skulle det kome mykje snø og banane ikkje er frie for både flasker, kle og mål når dette skjer, så vert det heller ikkje brøyta!

Innetrening

FBK Voss disponerer følgjande fasilitetar:

Gymsalen på ungdomsskulen måndagar og fredagar 16:00 - 21:00. Frå nyttår og fram til vinterferien vert desse tidene disponert av ungdoms- og seniorfotballen. Etter vinterferien er det barnefotballen som får innetid. Kvart lag har som utgangspunkt ein klokketime til disposisjon. Frå sesongslutt og fram til det nye året startar er det fyrstemann til mølla når det gjeld disponering av desse innetidene. I denne perioden er det i tillegg andre lag og organisasjonar som nyttar seg av våre tider, så det er veldig avgrensa kor mange lag som får treningstid inne.

Gymsalen på Rogne disponerer me heile veka og på same måte som på Ungdomsskulen så prioriterer ein ungdoms- og seniorfotballen fram til vinterferien og barnefotballen etter vinterferien og fram til påske. Då me har mange fleire treningstider å ta av her så er det større moglegheit for å få treningstid her vinteren gjennom uavhengig av om ein er i barnn,- ungdoms- eller seniorfotballen.

På Voss Gymnas har me treningstid måndagar 17:00-18:00 og tysdagar 16:30-18:00 fram til påskeferien. Basistrening i barnefotballen vil nytte desse tidene fram til og med veke 12. Veke 13 - 15 kan andre lag sende inn førepsurnad på å nytte desse tidene.

Ved Voss Vidaregåande Skule så har me ei treningstid måndagar 18:00-19:30 fram til og med påske. Denne vert nytta av Herre 1 fram til veke 9. Frå og med veke 11 kan andre sende inn førespurnad om å nytte denne tida


Laga står fritt til å ordne seg treningstider inne andre plassar. Me set pris på om de gjer beskjed om kvar og kor tid de trenar slik at me får ei mest mogleg rettferdig fordeling av dei treningstidene me disponerer.

Førespurnad om treningstid inne sender de til: sport@fbkvoss.no

Trening om vinteren - ta vare på eige helse!

Klubben har utarbeida retningslinjer for temperatur og trening. Desse ligg som pdf dokument på sida. Erfaring tilseier at det er veldig nyttig å følgje desse for å unngå sjukdom og skadar.


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift