FBK Voss

Velkomen til fotballen 1.klasse

Velkomen til fotballen 1.klasse

Her vil det bli lagt ut informasjon som er aktuell for dei som startar opp med fotball skuleåret 2019/2020. Kvart innlegg er merka med dato, så sjekk denne for å finne ut kor aktuell informasjonen er. Skulle det vere spørsmål, så tek de kontakt med Sanna Dregelid på tlf. 90051259 eller e-post sport@fbkvoss.no

13.08.2019

VELKOMEN TIL BALLSPEL ALLE 1.KLASSINGAR

For andre året går Fotballklubben Voss (FBK Voss) og Voss Handballklubb (Voss HK) saman om å tilby ballspel ei gong i veka for seksåringane. Skuleåret vert delt inn i ein fotballsesong og ein handballsesong. Fram til haustferien spelar borna fotball ute, etter haustferien og fram til april spelar dei handball inne. Treningstidene og den sosiale gruppa er den same, den einaste forskjellen er treningsstad og ballaktivitet. Det betyr kjekk balleik, gode vener og meir meistring heile året.

Uansett om ein veit om ein vil starte med fotball eller handball no i haust eller vente til våren, eller om ein er usikker på om ein i det heile vil delta så hadde me satt stor pris på om føresette har moglegheit til å kome på informasjonsmøte. Då får me moglegheita til å informere dykk om vårt tilbod!

FORELDREMØTE VERT TYSDAG

10.SEPTEMBER 18:00

I KAFEEN I IDRETTSHALLEN

Om det er spørsmål så tek de kontakt med Sanna (FBK Voss) eller Hege (Voss HK)

Hege Toje Sanna S. Dregelid

E-post: hegetoje@gmail.com E-post: sport@fbkvoss.no

Tlf. 41233840 Tlf. 90051259

Link til registrering for spelarar fødd 2013

Gå inn her for påmelding til fotball, handball eller begge deler.

Velkommen til ballspel: 2013-årgangen

Dag 11.september

Tid 17:00 – 18:00

Stad Olabanen

Foreldremøte 10.september 18:00 i kafeen i Idrettshallen

Treningstider:

Onsdag 11.september 17:00-18:00 - FOTBALL

Onsdag 18.september 17:00-18:00 - FOTBALL

Onsdag 25.september 17:00-18:00 - FOTBALL

Onsdag 2.oktober 17:00-18:00 - FOTBALL

Onsdag 16.oktober 17:00-18:00 - 19:00 - FYRSTE HANDBALLTRENING

Torsdag 17.oktober 17:00 - 18:00 - FYRSTE HANDBALLTRENING

Eideshagen Cup - søndag 22.september

1.klassingane får moglegheit til å delta på Eideshagen Cup søndag 22.september. Påmelding vert gjort på facebook-gruppa. Påmeldingsfrist onsdag 11.september.

Avslutningsturnering - laurdag 9.november

9. november 2019. Det er tradisjon at dei som startar opp med treningar på hausten vert med på denne. Her spelar ein kampar mot same aldersklasse og dei som er eit år eldre. Ein fin moglegheit til å få prøvd seg litt ! Påmelding vert gjort på facebbok-gruppa. Påmeldingsfrist 1.november.

Informasjon og kommunikasjon

Det er vanleg at ein oppretter eigne facebook-grupper. Dette krev at alle involverte er på facebook. Føl også med på heimesida til FBK Voss for informasjon.

Facebook-gruppa til 2013-årgangen heiter: Ballspel 1.klasse - 2019/2020

Treningar

Den fyrste treninga vert organisert av trenarar frå klubben, men det er forventa at føresette deltek allereie på fyrste treninga. Ein vil få oppfølgjing gjennom alle treningane i løpet av hausten.

Treningsgruppe

Om hausten trenar jentene og gutane i lag som ei treningsgruppe. Ein differensierer gjerne i treninga slik at ein i nokre øvingar vert delt etter kjønn.

Utstyr

For hausten 2019 nyttar ein felles utstyr som vert oppbevart i garasjen til FBK Voss.

Oppstartspakker

For å ivareta alle og syte for at flest mogleg kan bli med på fotballen gir FBK Voss alle som startar på fotball ei oppstartspakke. Denne inneheld følgjande:

  • Treningsgensar
  • T-skjorte
  • Shorts
  • Leggskinn
  • Fotballsokkar
  • Drikkeflaske
  • Fotball

Oppstartspakkene vert utlevert onsdag 18.september i forkant av treninga. Informasjon om dette vert lag ut på face book-gruppa og klubben sine heimesider

Årshjul for 2020

Januar og fram til påske: Tilbodet er handball

Februar: Foreldremøte. Treningsgruppa arrangerer dette sjølv. Administrasjonen ynskjer å vere representert på møtet så gje beskjed om tid og stad. De får tilsendt mal over kva ein treng å få på plass på dette møtet.

Mars: Påmeldingsfrist barnefotballen for seriespel sesongen 2020.

April-september/oktober: Kampsesong.

April: Vårslepp Cup

Juni: Voss Cup 12.-14. juni!

September: Eideshagen Cup

November: Oppsummering av sesongen – avslutning


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift