FBK Voss

FBK Voss Klubbshop

FBK Voss Klubbshop

FBK Voss sin eigen klubbutikk

Torsdag 8.september 2016 opna offisielt FBK Voss sin klubbshop dørene. Målsettinga med å opna eigen butikk er å gje spelarar, trenarar og lag det beste og mest komfortable treningsutstyret til fornuftige prisar. 

Ny klubbkolleksjon frå Umbro sin UX-1-serie

FBK Voss sin offisielle klubbkolleksjon vil i all hovudsak vera klede i frå Umbro sin UX-1-serie der fokuset er på teknisk stoff og funksjonelle klede. Me har samla delar av klubbkolleksjonen i ei klubbpakke for å kunne gje ekstra gode rabattar. 

Prisar i butikken

Som utgangspunkt gjeld følgjande rabattar til klubben sine medlem

  • Klubbpakke: 30 % rabatt av veiledande pris
  • Lagsbestilling: 30% av veiledande pris
  • Klubbkolleksjon: 25% rabatt av veiledande pris
  • Andre produkt: 20% av veiledande pris

Lagsbestilling - 30% av veiledande pris

Lagsbestilling vert gjort samla på laga. FBK Voss bestiller inn varene og sender ein samla faktura til laget. Eige skjema for lagsbestilling ligg til høgre på sida. Bestillinga skal sendast til: kontor@fbkvoss.no

Logoar og bokstavar

FBK Voss sin logo og Sparebanken Vest sin logo vert trykt på alle overdelar i klubbfargane som vert seld i butikken. Ynskjer ein å trykke bokstavar på kleda så betalar ein 20,- per plagg ein ynskjer trykk på. 

Opningstider

Opningstidene vil variere litt i løpet av året. Men i hovudsak er butikken open kvar torsdag 16:00 - 19.00. 

Informasjon og kommunikasjon

Informasjon om endringar i opningstider, spesielle tilbod eller klubbkveldar vert publisert på butikken si side på facebook: "FBK Voss Klubbshop". 

Ynskjer ein informasjon om produkt eller prisar  så tek ein kontakt på butikken si eige e-post adresse: butikk@fbkvoss.no

 


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift