FBK Voss

Stoke Fotballskule

Stoke Fotballskule

HAUSTENS STORE FOTBALLHENDING PÅ VOSS !

I haustferien 2019 kjem det trenarar frå Stoke City til Voss for å halde fotballskule! Dette vert fjerde året me arrangerer dette.

I 2018 satt me "verdsrekord" i antal deltakarar på Stoke Fotballskule og håpar sjølvsagt på ein ny fotballfest i år med ivrige spelarar, dyktige trenarar og mykje moro!

Påmeldingsskjema finn du her!

Påmeldingsfristen er satt til 1.september! I fjor vart det heilt fullt så lurt å vere tidleg ute med påmeldinga !

KVIFOR DELTA PÅ STOKE FOTBALLSKULE?

Å vere med på fotballskule skal gje ekstra læring både under sjølve fotballskulen, men også i etterkant ved at ein har fått ekstra insipirasjon og ynskjer å øve på nye ting.

I tillegg skal fotballskulen vere ein arena der ein knyter nye vennskap og opplever samhald i lag med dei andre deltakarane.


FAGLEG


Teknisk og taktisk trening - Angrepstrening - Forsvarstrening - Keepertrening - Futsaløkter

Du får læra nye øvingar og henta inspirasjon frå dyktige trenarar frå Stoke City Football Academy. God coaching med tilbakemeldingar til den enkelte spelaren på teknikk og utføring. Dette kan du ta med deg tilbake til treningskvardagen og hjelpe deg til å bli ein betre fotballspelar.


SOSIALT

Mange nye bekjentskap og mykje moro i lag. Øving i god garderobekultur, konsentrasjon på feltet og disiplin rundt matbordet.

Inkludert i prisen er også bading i Vossabadet! :)


TIL KLUBBTRENARAR


Det vert føredrag ein kveld der tema skal ta utgangspunkt i spelarutvikling.


VEKEPLAN STOKE CITY FOTBALLSKULE 2019

MandagTysdagOnsdagTorsdagFredag

08:45Oppmøte og prat om dagens øktOppmøte og prat om dagens øktOppmøte og prat om dagens øktOppmøte og prat om dagens øktOppmøte og prat om dagens økt
09:10 - 11:00FotballtreningFotballtreningFotballtreningFotballtreningFotballtrening
11:00 - 12:00LunsjLunsjLunsjLunsjLunsj
12:00 - 14:00FotballtreningFotballtreningFotballtreningFotballtreningFotballtrening
14:00 - 14:30Påfyll med frukt og drikke + oppsummering av øktaPåfyll med frukt og drikke + oppsummering av øktaPåfyll med frukt og drikke + oppsummering av øktaPåfyll med frukt og drikke + oppsummering av øktaAvslutning av veka med prisutdeling frå trenarane til Stoke


Om det er spørsmål vedrørande Stoke City Fotballskule så tek ein kontakt med:

Bjarte Bergstrøm

ffo@fbkvoss.no


Til dei som treng overnatting

Me tilbyr ikkje overnatting i samband med årets fotballskule. Men Voss Vandrarheim gir alle deltakarar eit godt overnattingstilbod hjå dei.

Tilbod for deltakarar ved Stoke Fotballskule "Stokes-tilbod 2"

  • 2 foreldre med 1 barn, kr 1 050 per natt
  • 2 foreldre med 2 barn, kr 1 260 per natt
  • 1 forelder med 1 barn, kr 800 per natt
  • 1 forelder med 2 barn, kr 1 000 per natt

Alle pris inkluderer frukost, sengetøy og handkle.

Alle rom har dusj og toalett.

For meir informasjon eller bestilling av overnatting så tek de kontakt med:

Voss Vandrarheim og Leirskule/ Voss Hostel

Peter Bondesveg 40, 5704 Voss, Norge

+47 5651 2017

+47 9759 3888

www.vosshostel.com

www.hihostels.no/voss

https://www.facebook.com/VossVandrarheim





HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift