FBK Voss

Smalahovecupen

Smalahovecupen

SMALAHOVECUPEN 2018

Smalahovecupen vart arrangert fyrste gong i 2000. Fem lag var med fyrste året og sidan har det auka jamnt og trutt til nærmare 50 lag. Smalahovecupen er haustens store veteranfotballfest på Vestlandet. Årets turnering vert arrangert laurdag 3.november!

Klasseinndeling - OBS! Ny klasseinndeling for 2018:

Klasse A: Kvinner Veteran (over 35 år)

Klasse B: Kvinner Old Girls (over 25 år)

Klasse C: Menn Superveteran (over 60 år)

Klasse D: Menn Veteran ( over 45 år)

Klasse E: Menn Old Boys (over 33 år)

Klasse F: Open/Bedrift

Påmelding 2018 

I år nyttar me påmelding via profixio. Dette gjer laga moglegheit til å gjere endringar fram til påmeldingsfristen går ut. Kvart påmelde lag må ha ein kontaktperson. 

TRYKK HER FOR LINK TIL PÅMELDING

Frist for påmelding er 8.oktober!

Påmeldingsavgift per lag er 3.500 kr, men alle lag som deltek på banketten får ein rabatt på 1000 kr, slik at påmeldingsavgifta då vert 2.500 kr. Ved deltaking på banketten og påmelding av to lag i same klasse er påmeldingsavgifta 4000,- 

Praktisk informasjon: 

I år har me vald å gå frå sjuarfotball til femmarfotball. Det vil sei at laga stiller med fem spelarar på banen til ei kvar tid. Turneringa vert gjennomført etter NFF sine reglar for femmarfotball. Kampane vert spela i tidsrommet 09.00 - 17.00. I utgangspunktet er det gruppespel og sluttspel i kvar klasse, men i klassar med få lag kan det bli kun seriespel der vinnar av serien er klassevinnar.

Smalahove Cup går på sentralidrettsanlegget Prestegardsmoen på Voss. Alle kampane vert spela på kunstgras. Det vil vera garderobar og toalett tilgjengleg i Voss Idrettshall som ligg heilt inn til baneområdet. Det vert og sal av mat og drikke frå kiosk ved banane og kafe innandørs i Idrettshallen

Overnatting og bankett:

Som vanleg har me reservert ein del rom på Park Hotel Vossevangen. Desse kan bestillast direkte hjå Park, tlf. 56531000, e-post: booking@parkvoss.no. Prisen er 1.750 kr per døgn for dobbeltrom og 1.225 kr per døgn for enkeltrom. Prisane gjeld kun ved bestilling av rom frå fredag til søndag. 

Banketten med Smalahove på menyen vert som tidlegare i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen. Banketten startar kl.20.00 med "dagens film" som fyrste punkt på programmet, etterfulgt av premieutdeling, mat og levande dansemusikk.  Pris per billett på banketten er 425 kr (450 kr for dei som ynskjer pinnekjøt). 

Ta kontakt med Silje Hauge for spørsmål eller meir informasjon.

E-post: kontor@fbkvoss.no


Vel møtt! laugh


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift