FBK Voss

FFO

FFO

Telenor Xtra FFO (fotballfritidsordning) er eit landsomfattande samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Telenor der ein ynskjer å gje born eit fotballtilbod etter skuletid. Utviklingsavdelinga i Norges Fotballforbund har ansvaret for å utvikle og gjennomføre innhaldet i Telenor Xtra som skal vera eit heilskapleg skulefritidstilbod med fotball i fokus. Fotballaktiviteten er sentral, men den skal utformast som eit supplement til den vanlege fotballtreninga på ettermiddagen, og ikkje framstå som eit rekrutteringstiltak. Målet er å utvikle rørsleglede og gode vanar. I tillegg til den fysiske aktiviteten skal fokuset vera på kosthald, pedagogisk kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosiale ferdigheiter også utanfor idrettsbana.

Telenor Xtra - Fotballfritidsordning (FFO) skuleåret 2019/2020


Dette får du ved påmelding:

FFO+

  • Fokus på utvikling av fotballferdigheiter. Temabaserte økter som gjev utvikling, læring og meistring
  • Motiverte og engasjerte instruktørar som ynskjer å skapa stor aktivitet med god kvalitet på kvar økt! Og ikkje minst at borna har lyst å gjera sitt beste, få meistringskjensle og bli sett kvar økt !
  • Sunt og godt mellommåltid (smoothie, nøtter, frukt og grønsaker)
  • Fasilitetar og utstyr til aktiviteten
  • Kvar deltakar får treningsdress, shorts, T-skjorte og bag frå Telenor Xtra
  • Gratis deltaking på Prosjekt Voss (NB! Eiga påmelding)

FFO:

  • Fokus på ferdigheitsutvikling og rørsleglede gjennom allsidig leikprega aktivitet
  • Motiverte og engasjerte instruktørar som ynskjer å skapa stor aktivitet med god kvalitet på kvar økt! Og ikkje minst at borna har lyst å gjera sitt beste, få meistringskjensle og bli sett kvar økt !
  • Transport frå skule til FFO (Henting med bil i vintersesong)
  • Variert og sunt kosthald
  • Fasilitetar og utstyr til aktiviteten (Idrettshall og gymsal i vintersesong)
  • Kvar deltakar får treningsdress, shorts, T-skjorte og bag frå Telenor Xtra


Påmelding 2019/2020

Me har fylgjande plassar:
FFO+ på måndagar: 60 plassar

FFO: Tysdag; 45 plassar - Onsdag; 45 plassar - Torsdag; 45 plassar


NB!

FFO+ er eit tilbod til alle elevar i 5.-8. klasse i Voss kommune.

FFO er tysdag og torsdag eit tilbod til elevar i 3.- 5. klasse ved Gjernes og Gullfjordungen skule og 2.-5.klasse ved Vangen Skule.

Onsdag er det ope for 3.-7. klasse ved dei tre skulane.


Prisar
FFO+:

1 dag: 650,- per månad


FFO:

1 dag: 750,- per månad

2 dagar: 1290,- per månad

3 dagar: 1595,- per månad

4.dagar: 1900,- per månad

Kombinerer ein FFO+ med ein eller fleire dagar på FFO gjeld prisane for FFO.


Ledige plassar per. 03.04.19:

Måndag: 19

Tysdag: FULLT!

Onsdag: 9

Torsdag: 18


LINK TIL PÅMELDING FINN DU HER !


Kontakt og spørsmål

Alle spørsmål i forhold til påmelding og informasjonsmøte kan rettast til:

Dagleg leiar ved FFO

Bjarte Bergstrøm

E-post:

ffo@fbkvoss.no


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift