FBK Voss

Dommarar

Dommarar

Informasjon til klubben sine dommarar - sesongen 2019

Dommarkurs

Kvart år får 14-åringane i klubben tilbod om å ta klubbdommarkurs. Dette er så langt det lar seg gjere "obligatorisk" for alle spelarane. Dei som etter å ha teke kurset ynskjer å dømme kampar melder seg til det. Dei som har teke klubbdommarkurset vert satt opp til å dømme 5ar- og 7ar kampar.

15-åringane i klubben får tilbod om rekrutteringsdommarkurs. Etter at ein har gjennomført rekrutteringsdommarkurs er ein kvalifisert til å dømme 9ar og 11ar. Alle som tek rekrutteringsdommarkurs får dommardrakt og gensar av klubben.

Informasjon til klubbdommarar

  1. Før fyrste kampen ein skal dømme så møter ein på kontoret 20 min før kampstart og får utlevert fløyte, denne er personleg og skal vere med kvar gong ein dømmer. Fyrste gong ein dømmer vil det vere med ein person i frå dommar- og fair play utvalet som ekstra støtte.
  2. Oppmøte når ein skal dømme er i utgangspunktet 10 min før kampstart på banen, men for dei som har trening før kamp så er det nok å vere på banen til kamptsrta.
  3. Dommarvest, dommarkort og penn finn ein i barnefotballbrakka. Når ein er ferdig å dømme skal vest og penn tilbake i brakka.
  4. Dommarkortet tek ein med seg heim, og noterer i dommarrekninga kva kamp ein har dømd. Når ein har dømd siste kamp for vårsesongen sender ein dommarrekninga til sport@fbkvoss.no (pengane på konto) eller leverer på kontoret om ein ynskjer å få pengane utbetalt kontant.
  5. Anne Hjortland som er Fair play ansvarleg i klubben er som regel på feltet når det er kampar - om det dukkar opp spørsmål eller de vil gje tilbakemelding om noko så ta kontakt med ho.
  6. Kan ein ikkje dømme på oppsett tidspunkt er ein sjølv ansvarleg for å finne nokon som kan ta kampen. Kampflytte vert kommunisert direkte med dommar.

Dommar og Fair play ansvarleg

Anne Hjortland

Tlf. 99375341


Ansvarleg dommaroppsett

Sanna S. Dregelid

Tlf. 90051259



HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift