Medlemskontingent og treningsavgift sesongen 2018

Då er medlemskontingent og treningsavgift for alle lag i FBK Voss sendt ut på mail. Les viktig info her.

Då skal medlemskontingent og treningsvagift vera sendt ut til alle spelarar i FBK Voss. Alle faktura er sendt ut på mail. 

Har du ikkje mottatt faktura kan det vera fleire årsaker:

- Me har ikkje registrert spelaren i klubben

- Me har ikkje registrert rett mailadresse på spelaren

- Faktura er havna i søppelpost

Har ein sjekka mail til begge foreldre inkl. søppelpost og ikkje funne faktura, ber eg om at ein tar kontakt på mail: kontor@fbkvoss.no.

For å komme inn under grunnforsikring og delta i kamp og trening må ein vera medlem i klubben.

Det er difor viktig at alle som deltek i aktiviteten er registrert i klubben sitt medlemsregister.

FBK Voss er oppteken av å vera ein klubb for alle og ynskjer ikkje å ekskludere spelarar pga økonomi. Me har forståing for at nokre kan ha økonomiske utfordringar og er imøtekomne med å finne ei god løysing dersom ein treng betalingsutsetting og/eller økonomisk stønad for å dekke avgift. For å unngå ubehagelege purringar og at spelaren ikkje kan delta i aktiviteten ber ein difor om at ein tar kontakt med Silje eller Sanna på kontoret for å finna ei løysing. Me har sjølvsagt teieplikt! Kontaktinformasjon til dei finn du her

NB! Betalinga går i år gjennom Spoortz sin kundeklientmiddelkonto. Merk difor at det er nytt kontonummer for innbetaling! 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift