Trenarutviklingsprogram i regi av Brann

Magne Himle og Sebastian Bolstad har fått plass på Brann sitt nye trenarutviklingstiltak

Brann lyste i mars ut eit nytt trenarutviklingstiltak der Brann-Akademiet med sitt mannskap, erfaringar og kontaktar ynkste å bidra mot trenarar som ynskjer utvikling og fagleg påfyll. Dette er eit tiltak der det skal jobbast med ulike faglege tema og kompetanseoverføring rundt dette. I hovudsak er det eit teoribasert kurs som skal vere eit supplement til NFF si trenarutdanning, men også ein moglegheit for deltakarane å få eit innblikk i spelarutviklinga i ein toppklubb. 

Frå FBK Voss søkte Magne Himle som i dag er spelarutviklar 13 - 16 år på gutesida og Sebastian Bolstad som er hovudtrenar fot gutar 19. Begge fekk plass og fyrste samling vart gjennomført laurdag 28.april. Fagtemaet på denne samlinga var Akadamiet i SK Brann og nasjonal kamp for gutar 14. 

Tiltaket vil fortsetta ut året med til saman 10 samlingar som omhandlar ulike fagtema med alt frå fysisk trening, skadehandtering, analyse og treningsplanlegging. Me håpar at det vert eit lærerikt tiltak og både Magne og Sebastian tek med seg mykje spennande heim til Voss smiley

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift