Påmelding til FFO skuleåret 2018/2019 er no opna!

Då er påmeldinga til fotballfritidsordning (FFO) skuleåret 2018/2019 opna! Nytt av året er at 2.klasse ved Vangen Skule og 8.klasse på ungdomsskular i Voss Kommune får moglegheit til å melde seg på!

Telenor Xtra FFO (fotballens fotballfritidsordning) er eit landsomfattande samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Telenor der ein ynskjer å gje born eit fotballtilbod etter skuletid. FBK Voss starta opp med fotballfritidsordning skuleåret 2015/2016. Det har vore stadig aukande interesse, og tilbodet verkar å vera godt tatt i mot smiley Sjølv om me er ein fotballklubb har fokuset heile tida vore på allsidig aktivitet. Målsettinga er å utvikle rørsleglede og gode vanar med fokus på fysisk aktivitet, kosthald, pedagogisk kyndig leksehjelp, fair play og trening av sosiale ferdigheiter. For dei litt eldre elevane tilbyr ein FFO+, der fotballaktiviteten er meir sentral. 

 

Meir infomasjon om innhald og organisering av Fotballfritidsordninga finn du  her

Om det skulle skule vere spørsmål i samband med påmelding, ta kontakt på e-post med dagleg leiar Bjarte Bergstrøm: ffo@fbkvoss.no


Link til påmelding finn du her !


Me ynskjer både nye og gamle deltakarar velkomen til eit spanande og innhaldsrikt år på FBK Voss si fotballfritidsordning laugh

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift