Open dag FFO 16.mars

Fredag 16.mars er det regional planleggingsdag i grunnskulen og dermed elevfri. I den forbindelse ynskjer me å gje ein gratis "prøvesmak" av aktivitetar og morro me tilbyr på FFO/FFO+.

Fredag 16.mars 08.30-16 inviterer me til open dag i FFO for alle elevar i 1.-7.klasse. Antan bornet ditt går på FFO/FFO+, de vurdererer å melde han/ho på eller de berre ynskjer at bornet dykkar skal få ein dag fullspekka med aktivitet er de hjarteleg velkomne til å melda på!

Praktisk info

Oppmøte seinast 08.30 i garderobane i kjellaren i Idrettshallen. Me kjem til å halde til utandørs, så gode sko, klede og byteklede må ein ha med. Me nyttar garderobane til byte og oppbevaring av klede. 

Me har matpause i kantina i Idrettshallen og serverer frukt og smoothie, men alle må ha med god niste og drikkeflaske! 

Henting i garderobane i Idrettshallen frå 15.30-16.00. Skal ein henta før den tid må dette avklarast på førehand. 

Tilbodet er gratis! smiley

Maks 60 plassar. "Fyrste mann til mølla" gjeld! 

Påmeldingsfrist mandag 12.mars!

Påmelding her: Påmeldinga er fullteikna!


Lurar de på noko i samband med open dag så tek de kontakt med Bjarte Bergstrøm på ffo@fbkvoss.no

For meir informasjon om kva fotballfritidsordninga er, gå inn her    laugh

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift