Velkomen til Smalahovecupen 2018

Laurdag 3.november 2018 går Smalahovecupen av stabelen igjen. Med mykje nytt og spennande

Fotballklubben Voss inviterer igjen til veteranfotballfest til hausten. Smalahovecupen 2018 går av stabelen laurdag 3. november, og inneheld i år fleire spennande nyheiter.

Me går frå sjuarfotball til femmarfotball. Det vil seia at laga stiller med fem spelarar på banen til ei kvar tid. Men storleiken på banane blir dei same som tidlegare. Nytt av året er også ein superveteranklasse for menn. For dei over 60.

Kampane går på kunstgras ved sentralidrettsanlegget i Prestegardsmoen. Me har tilgjengeleg åtte banar. Tilgang til garderobar i kjellaren i Voss Idrettshall for dei som ynskjer det. Kafe og toalett er i Voss Idrettshall, elles er det kiosk ved baneområdet.

Her er årets klasseinndeling:

Klasse A: Kvinner veteran, o. 35

Klasse B: Kvinner old girls, o. 25

Klasse C: Menn superveteran o. 60

Klasse D: Menn veteran o. 45

Klasse E: Menn old boys o. 33

Klasse F: Open/bedrift

 

Påmeldingsavgifta er 3.500 kr per lag. Kr 2.500 for dei som deltek på banketten. Ved deltaking på banketten og påmelding av to lag i same klasse, er påmeldingsavgifta 4.000 kr.

Park Hotel Vossevangen har reservert ein heil del rom til oss for denne helga. Desse kan bestillast direkte hjå hotellet (tlf. 56 53 10 00/epost booking@parkvoss.no). Hugs å oppgi at de skal delta på Smalahovecupen ved bestilling.

Laurdagskvelden blir det bankett i Vossasalen på Park med smalahove, premieutdeling og levande dansemusikk. Banketten startar kl. 20.00.

For nærare opplysningar, kontakt Einar i FBK Voss: E-post. einar@fbkvoss.no/ tlf. 97674536.

Påmeldingsfrist er 1. oktober. Skjema for påmelding blir lagt ut på denne sida seinare. 

Sosiale medier

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift