Jentesamling 5.januar

Nærmare 70 jenter i ungdoms- og seniorfotballen var fredag kveld samla til sosial samling for å dra i gang sesongen 2018!

FBK Voss sitt damelag inviterte fredag 5.januar alle jentene i ungdomsfotballen til sosial samling i Idrettshallen. Dette var 2.året på rad og heile 60 jenter meldte seg på. 

Kvelden starta med opprop og laginndeling. Jentene skulle så rundt på ulike postar i hallen som utfordra dei i styrke, uthald, samarbeid, fotballteknikk, problemløysing og mykje meir. Dei nytta ca 10 min på kvar post. I starten var lydnivået relativt lågt, men det kom seg utover i økta. 

  

  

På eine posten skulle laget sitte lengst mogleg i 90 grader inntil veggen. Me antok at dei færraste ville kunne sitte i meir enn 10 min. Bjørg satt like godt i 30 min og kunne ha såtte lenger og hadde det ikkje vert for at maten vart servert. Imponerande! 

  

Når aktiviteten var ferdig vart det servert tacogryte og som avslutning på kvelden skulle laga gjennom ein quiz. På alle stasjonane i løpet av kvelden vart det delt ut poeng, slik at me til slutt fekk eit lag som gjekk av med seieren. 

  • 1.plass: Fit for Fight
  • 2.plass: Blåe Sko
  • 3.plass: The Power
  • 4.plass: Lag 3
  • 5.plass: Team Jiu Jitsu
  • 6.plass: Alt er bedre enn Ingenting

Flott innsats av alle !! laugh

Sosiale medier

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift