Ola-prisen til Mathias Hovland

Mathias Hovland mottok på Årsfesten i Ungdomsfotballen Ola-prisen.

Utdelinga av den gjevaste prisen, Ola-prisen avslutta Årsfesten i Ungdomsfotballen 2017. Utdelinga av denne prisen er meint å sjå litt andre eigenskapar og verdiar når det gjeld å vere fotballspelar enn det som nødvendigvis gjeld for Årets Spelar (som i namnet, gjeld for det eine året).  Individet er viktig  for laget og laget er viktig for individet, utan tydelege skiljelinjer. I sum vert dette så mykje meir enn 1 + 1 = 2. Å vere fotballspelar handlar om så mykje meir enn treninga og kampen. Det handlar om individet si genuine interesse for det fotballen er for den enkelte, det handlar om vennskap, samspel og fellesskap. Det er så mange måtar å vere fotballspelar på og det er så mange ulike måtar å oppleve glede ved fotballen. Å kunne dele ut ein pris som verdset så mange aspekt ved det å vere ein fotballspelar er eit privilegium for Fotballklubben Voss. 

«Ola-prisen vert kvart år delt ut til ein spelar i FBK Voss som over tid har synt stor iver og eit over gjennomsnittet engasjement for fotballen, laget og klubben. Ein ynskjer å gje ei påskjønning til lagspelaren med gode haldningar, som møter på trening for å trene og som ynskjer å utvikle seg. Det vert lagt vekt på at spelaren er ein viktig bidragsytar inn mot gruppa og laget.»

Årets Ola-pris går til ein lovande og framadstormande spelar i FBK Voss. Han debuterte allerie som 16-åring på A-laget i 2015, og spela seg til meir eller mindre fast plass på laget som vart nummer 4 i 4.divisjon sesongen 2016. I årets sesong har han vore ein av bærebjelkane på eit ungt lag. Som spelar er han utruleg hardtarbeidande, og ynskjer alltid å gjere sitt beste for laget. Han legg ned mykje tid i trening både på lag- og i skule-samanheng, men det er kanskje på eige hand denne spelaren utmerkar seg aller mest. Når andre tek sommarferie finn han ting han ynskjer å bli betre på og nyttar heile sommaren på å utvikle desse ferdigheitane. Han er utviklingsorientert og målretta og har skjønt at ein må vere både nysgjerrig og tolmodig for å nå måla sine. I spelargruppa er han positiv, har godt humør og viser alltid stor omsut for lagkameratane sine. Trass si litt beskjedne framferd er han ikkje redd for å seia meiningane sine når det trengs. Han er eit ja-menneske som stiller opp, og han får ting gjort.  På bana er han ein offensiv storscorar i tillegg til å vera ein god tilretteleggar. Han er ein spelar med eit enormt engasjement som verkeleg gjer alt for drakta og laget sitt. 

Gratulerar med årets Ola-pris Mathias! 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift