Årsfest i ungdomsfotballen 2017

På andre året arrangerte me torsdag 16.november årsfest i ungdomsfotballen. Og nok ein gong må me seie at det vart suksess !

Bakgrunn

I 2016 ynskte me å laga til ei skikkeleg avslutning for alle spelarane i klubben som er i ungdomsfotballalder. Ein festkveld i Vossasalen var det me valde å gå for, og etter veldig god oppslutning frå laga bestemte me oss for at dette var noko me rett og slett måtte viadreføre neste sesong. Fotballaktiviteten er så mykje meir enn akkurat det som skjer på bana, og ein slik kveld er med på å knyte endå sterkare vennskap og få ei kjensle av klubbfellesskap som ein kanskje ikkje får med seg i ein travel kvardag. 

Årsfesten i Ungdomsfotballen 2017

Over 200 festkledde ungdommar møtte denne kvelden opp for å feire kvarandre og den sesongen som hadde vert. Styreleiar Ståle Rørlien ynskte alle velkomen før det vart vist film frå årets sesong. Etter dette vart servert pizzabuffet før ein gjekk over til kveldens prisutdeling. Som konferansier for kvelden, Trond Syversen så fint sa det: alle i salen fortener ein pris i kveld. Fotball er ein lagidrett der ein vinn, tapar og utviklar seg i lag. Ein er avhengig av lagkameratar for å bli den beste spelaren ein kan bli og for å ha det moro med fotballen. Alle som er til stades er vinnarar på ein kveld som dette ! 

Arrangemnetskomiteen fekk sjølvsagt stor applaus! 

Årets dommarar - Martin Salbu, Eirik G. Hosås, Helene Gullbrå-Eriksen

Jente 17 - årets kretsmesterar i 1.divisjon

Årets spelarar og Ola-pris - f.v. Kristina Kinden (J13), Jens Filip Dagestad (G15), Joachim Haukaas Friis (G14), Andreas Lydvo (G13), Ingeborg Gjelland Lid (J17), Eli Geitle (J14), Tone Varberg Sabri (J15),  Even Hakestad (G16), Mathias Hovland (Ola-prisen), Vebjørn Eide (G19) 

Kvelden vart avslutta med diskotek på Pentagon! Tusen takk for ein flott kveld laugh

Fleire bilete frå kvelden finn de på facebooksida til FBK Voss  smiley

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift