Dette skjer i Desember

Desember er den månaden i løpet av året der fotballaktiviteten er minst og der styret, administrasjon og andre involverte ferdigstiller planane for 2018.

1. desember - Innlevering av lagsutstyr og drakter 

Lagsutstyr

Alt av lagsutstyr skal vere plassert på rett plass i brakkene eller vere levert inn på kontoret. Det er viktig at ALT kjem inn slik at me har moglegheit til å vete kva me treng å bestille til neste år. Me ynskjer å merke utstyret betre til neste sesong slik at det er lettare å vete kven som har kva på treningsfeltet og det er større sjanse for at ei faktisk klarar å passe det utstyret ein har.

Drakter

Til alle som ikkje har levert inn drakt endå så må de gjere det snarast! Legg den i ei gjennomsiktig plastpose og legg ein lapp oppi med namn og lag og lever den på kontoret eller legg den i postkassa om det ikkje er folk på kontoret.

1.desember - Årets jolekalendar i FBK Voss Klubbshop

Årets jolakalendar i Klubbshopen startar. Her vert det kvar dag lagt ut ein ny luke med klede og andre ting som me har i butikken. Kalendaren går på butikken si facebookside: «FBK Voss Klubbshop»

Butikken har følgjande ope følgjande dagar i desember:

Torsdag 14.desember, Måndag 18.desember og Onsdag 20.desember

16:00 - 19:00

1. – 3. desember

Trenarsamling i Myrkdalen for trenarar og andre involverte i Ungdomsfotballen. Fagleg samling med fokus på vegen vidare, styringsdokument og sesongen 2018. Program for samlinga: 

Fredag - Vert i hytta heile kvelden
18:00: Styret 
18:20: Sparebanken Vest
18:50: Sport- og klubbutviklar 
19:10: Dagleg Leiar Arne Førde
20:00: Mat og sosialisering
Laurdag - Har leigd møterom på hotellet som me nyttar til det faglege denne dagen

10:00 - 12:00: Barnefotball i FBK Voss
12:00 - 16:00: Sosialt: ski og andre aktivitetar? Dette er sjølvstyrt :) 
16:00 - 18:00: Ungdomsfotball i FBK Voss
18:00: Middag og sosialisering

Søndag
11:00 - 12:00: Oppsummering
13:15: Cupfinale for dei som ynskjer det

14.desember - Påmeldingsfrist i seniorfotballen

Påmeldingsfrist for seniorfotballen sesongen 2018

19.desember - Juleavslutning på FFO og FFO+

Juleavslutning på FFO i Idrettshallen frå 15:00 – 16:30. Her vil borna vsie litt av det dei har lært i løpet av året.

21.desember - Julelunsj

Julelunsj for alle trenarar og lagleiarar i barne, - ungdoms og seniorfotballen. Det vert sendt ut invitasjon 6.desember. Påmelding gjer de til kontor@fbkvoss.no seinast 19.desember.

22.desember - Siste arbeidsdag for administrasjonen i 2017

Siste arbeidsdag for administrasjonen  før me tek juleferie. Er tilbake på jobb igjen 2.januar. 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift