Landslagsskulen

I desse dagar er det mykje samlingar og treningar for dei som allereie er tatt ut til landslagsskulen og for dei som ein dag håpar å bli tatt ut.

Målsettinga med landslagsskulen er å identifiserer dei mest lovande spelarane i alderen 13 - 16 år rundt om i klubbane og dei ulike kretsane. Landslagsskulen skal vidare vere ein referanse og ein arena der spelarane utvikler seg og tileigner seg nye ferdigheiter. Ferdigheiter og erafringar som dei så tek med seg tilbake til eigen klubb og treningskvardagen der. Gjennom landslagsskulen skal ein klargjere spelarane til  å spele aldersbestemte landskampar. 

Fyrste uttakssamling til for sonetreningar for 2005-årgangen skjer i løpet av veke 45 og 46. Over 60 spelarar frå sone Hardanger og Voss er samla til treningar i regi av kretsen. 

Per i dag har FBK Voss følgjande spelarar inne på kretstiltak:

Jenter 2004: Rønnaug Herre

Jenter 2003: Bjørg Aurora Ringheim Tveit og Eli Geitle

Jenter 2002: Tuva Førde Furu, Oda Bakktun Petersen, Ina Mørkve, Tone Varberg Sabri

Gutar 2003: Toran Kaldestad

Utruleg kjekt at det er så mange som hevdar seg i kretsen. Spennande og sjå kva som skjer i fortsettinga laugh

 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift