Dette skjer i November

Dei fleste laga er no ferdig med sesongen 2017. Men det er framleis mykje moro som skjer framover.

4.november - Smalahove Cup

4.november går Smalahove Cup av stabelen, haustens store veteranfotballfest på Vestlandet. På dagtid vert det kampar og om kvelden samlast ein til bankett i Vossasalen på Park Hotel. Les meir om turneringa her

6. og 7. november - Planleggingsdag administrasjon

Måndag og tysdag held administrasjonen stengt grunna planleggingsdagar for sesongen 2018. FFO går som vanleg.

8., 11 og 15.november - Sonetreningar for 2005

Fyrste økt for dei som er teken ut til sonetreningar vert arrangert onsdag 8.november. Dei to fyrste øktene går på Voss, medan den siste vert arrangert i Granvin. 

11. november - Avslutningsturnering i barnefotballen

Den årlege avslutningsturneringa i barnefotballen vert arrangert laurdag 11.november i Voss Idrettshall. Du kan lese meir om denne turneringa her

16.november - Årsfest i Ungdomsfotballen

Torsdag 16.november arrangerer FBK Voss årsfest for alle spelarar i alderen 13 - 19 år. Her vert det video frå årets sesong, mat, utdeling av prisar og litt musikk og dans til slutt. 

Anna

I dag er klubben i ein periode der me jobbar med å få på plass nye styringsdokument til sesongen 2018. Desse må bli vedteke på Årsmøtet i mars før dei vert gjeldande, men som eit ledd i prosessen vil dei bli lagt ut her på heimesida i midten av desember slik at alle medlem (og ikkje medlem) har moglegheit til å kome med innspel. I 2018 håpar me at me kan presentere eit barnefotballprosjekt som vil vere i systematisering av det tilbodet ein har og den aktiviteten ein driv. Parallelt med dette jobbar me og med ungdomsfotballen, men for å klare å skape varige endring og få på plass strukturar som fungerer vil fokuset i 2018 ligge på barnefotballen. 

Lagstreningar

Dei laga som ynskjer det held treningane gåande ut november. Det er som regel framleis flotte forhold på bana, og det gjeld å nytte på før snøen kjem smiley

Lagsutstyr

Det er frå november og til midten av desember mogleg å levere inn lagsutstyret ein har nytta i løpet av sesongen på kontoret. Bakgrunnen for at ein ynskjer at ein leverer inn dette er at me treng å få ein oversikt over kva ein har og kva som må bestillast til neste sesong. Det er Silje Hauge som har ansvaret for dette. 

Evaluering av sesongen 2017

Me er i full gang med evaluering av sesongen 2017 og planlegging av sesongen 2018. I samband med dette vil det i år bli sendt ut eit elektronisk evalueringsskjema til alle spelarane i ungdomsfotballen. For å få til eit best mogleg tilbod til neste sesong er me heilt avhengig av at spelarane svarar på dette, gjerne i lag med foreldre/føresette. Dette vil bli lagt ut på facebook-gruppene til laga når det er klart. 

Prosjekt Voss

Prosjekt Voss held det gåande til slutten av november. For meir info, gå inn her

Innetrening på Ungdomsskulen

FBK Voss disponerer tid i gymsalen på Ungdomsskulen. Fram til nyttår er det opp til kvart lag å melde seg for å få treningstid. Etter nyttår og fram til vinterferien er det ungdoms- og seniorfotballen som disponerer gymsalen, medan det etter vinterferien og fram til påske er barnefotballen sin tur. Du kan lese meir om det her

Då håpar me på lyse dagar og lite nedbør i november før ynskjer vinteren velkomen i desember laugh

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift