Ola-prisen 2017

Emma Støyva mottok den aller fyrste Ola-prisen på årsfesten i ungdomsfotballen i fjor. I år skal det delast ut ny pris og me håpar at det kjem inn mange gode kandidatar.

Fjorårets årsfest i ungdomsfotballen vart avslutta med utdelinga av Ola-prisen. Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard har tatt initativet til denne prisen for å heidre minnet om Ola Egge Ødegaard. Prisen vert delt ut til ein spelar i Fotballklubben Voss i alderen 13 - 19 år etter følgjande kriterier:

«Ola-prisen vert kvart år delt ut til ein spelar i FBK Voss som over tid har synt stor iver og eit over gjennomsnittet engasjement for fotballen, laget og klubben. Ein ynskjer å gje ei påskjønning til lagspelaren med gode haldningar, som møter på trening for å trene og som ynskjer å utvikle seg. Det vert lagt vekt på at spelaren er ein viktig bidragsytar inn mot gruppa og laget.»

I 2016 kom det inn mange gode kandidatar, og det var ein priviligert jury som fekk jobben med å velje ut ein kandidat som fekk motta prisen. Valet fall til slutt på Emma Støya. 

Årets vinnar av Ola-prisen er kjenneteikna av at ho er ei stå-på jenta, alltid blid, engasjert i alt ho gjer, omsorgsfull ovanfor sine medspelarar, tek ansvar og er trenings- og læringsvillig som få andre. Ho er eit førebilte både på og utanfor bana med sine positive haldningar, treningsiver og gode humør.

Som fotballspelar har ho gode tekniske ferdigheiter, god spelforståing, duellstyrke og ikkje minst eit herleg engsjement! Ein utruleg god individuell fotballspelar, men ein endå betre lagspelar. Du veit kva du får med ho på bana. Ho sluntrar aldri unna og stiller på alt som er av treningar, ekstra-treningar, eigentrening, dugnadar, sosiale arrangement.. ja alt som har med fotball å gjera!  Ho er flink å lære frå seg og alltid interessert i å finne ut kva ho og laget kan gjera for å bli betre. Dette er ein spelar som gjer den jobben som trengs, pluss litt til, for at både ho og laget skal utvikle seg og bli betre.

Trass sin unge alder har ho allereie etablert seg som eit klart fyrsteval på sentral midtbane på Damelaget. Ho er hjelpetrenar i ungdomsfotballen, vikartrenar på Prosjekt Voss, var med som instruktør på Stoke City Fotballskule i haustferien, og er alltid den fyrste til å melde seg til alt av dugnadar.

I høve statuttane til Ola-prisen er ho ein spelar som oppfyller alle kriteria med glans. Eit ja-menneske som alltid stiller opp og er svært viktig for både laget og klubben sin både på og utanfor bana. Ein spelar som både laget og klubben FBK Voss kan vera stolt av og som verkeleg fortener denne utmerkinga! 

Ola-prisen 2017

Me veit at det er mange gode kandidatar til ein slik pris her i klubben! Håpar difor at både trenarar, lagleiarar, spelarar og andre involverte tek seg tida til å sette seg ned å skrive ein nominasjon på ein spelar som fortener ein slik pris. Frist for innsending er 1.november og kan sendast til anten: 

FBK Voss

Postboks 60                            eller                                sport@fbkvoss.no

5701 Voss

 

Om det er spørsmål knytt til Ola-prisen så ta kontakt med sport- og klubbutviklar 

Sanna S. Dregelid på telefon (90051259) eller e-post: sport@fbkvoss.no 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift