Fyrste økt for 1.klassingane

Onsdag 13.september hadde årets 1.klassingar ved Vangen, Gullfjordungen og Gjernes si fyrste fotballtrening på KIWI-banen.

Over 30 spelarar møtte forventningsfullt opp i garderoben i Idrettshallen for utlevering av oppstartspakker og fyrste fotballtrening. 

Etter at utdeling av utstyr og påkledning var gjennomført (i litt for varme garderobar wink ) bar det ut på feltet for å spele fotball. Etter felles føring av ball på ei lang, lang rekke vart ein dela inn i fire grupper som gjennomførte ulike stasjonar. Det var to stasjonar med spel på dei flotte 3ar-banane, ein stasjon med leik og to stasjonar med "sjef over ballen". 

Økta starta med voldsamt nebør og vart avslutta med strålande solskin. Håpar at alle spelarane og foreldra hadde ei flott fotballtrening på KIWI-bana. Neste trening er onsdag 20.september 17:00 - 18:00. Viss det er nokon som ikkje var forrige onsdag så er det fullt mogleg å bli med denne smiley

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift