Ham Kam Talent Cup 2017

Spelarar frå FBK Voss gutar 15 var i helga på Hamar og spela turnering.

Helga 15. - 17.september var gutar 15  til Hamar for å delta på Ham Kam Talent Cup.

Dei opna mot Egersunds som var eit av fjorårets finalelag. God innsats, men det enda med tap 3-0. I andre kampen mot Bærum vart det 3-2 til Voss. I tredje og siste gruppespelskamp var det uavgjort 3-3 mot Holmlia Elite. Ein veldig spennande kamp der Voss på eit tidspunkt leia heile 3-0. 

Etter desse resultata vart det B-sluttspel på gutane. I kvartfinalen møtte dei Nesodden som dei slo 2-0, og dei var dermed klare for semifinale mot Skjetten. Det vart ein målrik fyrste omgang der Voss låg under 3-1 når dommaren blas til pause. Det vart ingen mål i 2.omgang, og kampen enda med 3-1 seier til Skjetten. 

Eit flott turnering av gutane, og ryktene seier at innsatsen var topp heile helga ! smiley

 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift