Telenor Xtra - Fotballfritidsordning (FFO) skuleåret 2017/2018 er i gang!

Me har framleis nokre ledige plassar dei ulike dagane, så om nokon har lyst til å melde seg på så fiksar me det !

Telenor Xtra Fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod til elevar i 3. - 7.klasse ved Gjernes, Vangen og Gullfjordungen skule. Me føl skuleruta og utvidar i fyrste omgang ikkje til feriar. Det er mogleg å melde seg på tysdag, onsdag og torsdag (elevar i 5. - 7.klasse kan i tillegg melde seg på FFO+ på måndagar).

Borna vert henta på skulen av instruktørar frå FFO. Om sommaren går ein/syklar frå Gjernes og Gullfjordungen. Om vinteren vert borna henta av bil/minibuss. Elevane frå Vangen går heile året. 

Prisar 2017/2018 - per. månad

4 dagar:  1900,-  (påmelding til 4 dagar gjeld kun for elevar i 5. - 7.klasse. Den fjerde dagen vert då FFO+ på måndagar) 

3 dagar:  1595,-

2 dagar:  1290,-

1 dag:     836,-

 

Og FFO + her:

FFO+ er nyoppstarta for skuleåret 2017/2018. Bakgrunnen for at me har vald å starte opp dette er at me vil utvide tilbodet til å gjelde fleire skular. FFO+ vil i større grad enn vanleg FFO tilby rein fotballaktivitet. Målet er å gje dei som ynskjer det ei ekstra fotballtrening i veka med fokus på individuell ferdigheitsutvikling under kyndig rettleiing. 

Tilbodet vert gitt til alle elevar i 5. - 7.klasse i Voss Kommune og følgjer skuleruta. 

FFO+ vil føregå måndagar rett etter skulen og fram til 16:30. Elevane må sjølve ta seg ned til Idrettshallen. 

Prisen for FFO+ per månad er:   836,-

Ved å melde seg på FFO+ så får ein gratis deltaking på Prosjekt Voss inkludert! 

 

Du kan lese meir om Telenor Xtra - Fotballfritidsordning  på:

http://fbkvoss.no/portal/public/showContentCategory.do?id=948522340

Alle spørsmål i forhold til påmelding og deltaking kan rettast til dagleg leiar ved FFO, Bjarte Bergstrøm: E-post: ffo@fbkvoss.no

Tlf:97542820

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift