Velkomen til fotballen alle 1.klassingar!

Tradisjonen tru startar FBK Voss opp med fotballtreningar for 1.klassingar ved Gjernes, Vangen og Gullfjordungen skule allereie om hausten.

Tradisjonen i FBK Voss har dei siste åra vore slik at me har prøvd å få i gang fotballtrening for 1.klassingane allereie på hausten.

Treningstidene utover hausten blir onsdagar 17.00 – 18.00 med oppstart onsdag 13.september. Det er vidare eit mål at me trenar fram til onsdag 8.november.

Me håpar dette tilbodet vert teke godt i mot, då det vil letta arbeidet vårt med registrering og innkjøp av utstyr dersom me allereie no får ei oversikt over antal nye born.

Det me ynskjer å gjera no, er å invitere foreldre til eit oppstartsmøte der me registrerer kor mange som kan tenkja seg å trena fotball.

Dei som driv med andre aktivitetar no, men ynskjer å byrja til våren, vil me også gjerne få registrert. Me håpar difor at så mange som mogleg av føresette til elevar i 1.klasse ved Gjernes, Vangen og Gullfjordungen skule har moglegheit til å stille på foreldremøte. Her vil det bli gitt informasjon om tilbodet klubben har, så det er ein fin moglegheit til å få meir informasjon viss ein framleis er usikker på om fotball er dete rette for guten eller jenta smiley

Foreldremøte for jenter og gutar fødd 2011 vert onsdag 6.september kl 20.00 i kafeen i Idrettshallen. 

For at dei borna som spelar fotball skal vere forsikra og slik at me når ut med den informasjonen me treng til føresette så sett me stor pris på om de kan gå inn på skjema som er linka til under og registrere dykkar born. Det er heilt uforpliktande og det er mogleg å endra svara ved seinare høve. 

https://goo.gl/forms/bP2Nbbfe2ho0Qtnd2

Om det skulle vera noko spørsmål tek de kontakt med:

Arne Førde                                                                  Sanna S. Dregellid

Dagleg leiar                                                                 Sport- og klubbutviklar

FBK Voss                                                                     FBK Voss

Tlf. 90106899                                                              Tlf. 90051259                                           

arne@fbkvoss.no                                                        sport@fbkvoss.no

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products