Dugnadslistene til Voss Cup er sendt ut!!

Det nærmar seg Voss Cup 2017, og no er dugnadsvaktene klare og sendt ut! Her kjem viktig informasjon som alle bør lese frå dugnadssjefen Silje!

Har du av ein eller anna grunn ikkje motteke e-post eller sms om at du har fått vakt, kan du vera registrert med feil e-postadresse/telefonnummer. Ta difor kontakt med Dugnadsansvarleg Silje Hauge snarast på kontor@fbkvoss.no eller tlf. 48 02 22 72 om du ikkje har fått noko melding/e-post slik at dine dugnadsmedarbeidarar ikkje vert ståande i manko på ei vakt du er satt opp på! 

Viktig å hugse på at dei som ikkje har vert og registrert seg på dugnadsskjema også vert satt opp på vakt så lenge ein ikkje har gitt beskjed om anna. 

Ber om forståing for at alle ikkje har fått fyrstevalet sitt då det er ein stor kabal som skal gå opp. 

Eventuelle byter av vakter må skje innbyrdes og skal meldast til Silje!

Dei som er sett opp på sal i salsboder og overnattingsstader har berre fått oversikt over si eige vakt pga. at vaktlistene ikkje kan delast på salsstad i systemet, men må ordnast manuelt. Ynskjer du å byte ei salsvakt kan du få tilsendt komplett vaktliste for salsplassen ved å ta kontakt med Silje.

På førehand tusen takk for dugnadsinnsatsen dykkar! laugh

Helsing frå Dugnadsansvarleg Silje Hauge 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift