Barnefotballkveld onsdag 31.mai

FBK Voss inviterer alle trenarar, lagleiarar og andre interesserte i barnefotballen til Barnefotballkveld onsdag 31.mai klokka 16:45 til 20:00.

Program

16:45: Oppmøte på møterommet til FBK Voss i kjellaren i Idrettshallen

17.00 – 18:00: Ut å sjå på herre- og damelaget si trening i barnefotballen. Noter gjerne spørsmål eller kommentarar til denne økta, slik at ein kan diskutere i etterkant

18:00 – ca. 20:00: Diskusjon og teori på møterommet.

 

Det vert servert kaffi og frukt. Ta gjerne med noko å skriva på.

Rekk ein ikkje å vere her til oppmøtetid, men kjem litt seinare så gje beskjed om det! 😊

 

Trond Storheim vil ha ansvaret for gjennomføringa.

 

Håpar at så mange som mogleg vert med denne ettermiddagen/kvelden. Terskelen skal vere låg og målsettinga er at  å skape ei felles forståing for målsettingar og verdiar i barnefotballen, både sportsleg og sosialt, og korleis ein på best måte kan nå desse.

 

Klubben ynskjer at kvart lag skal vere representert med minimum ein person. Anten trenar, lagleiarar eller ein forelder. Det er ikkje mange gonger ein får samla alle laga, og det har stor verdi både for trenarar, lagleiarar og spelarar at flest mogleg i klubben har den same forståinga for den aktiviteten me driv 😊

 

Ein må ikkje melde seg på for å møte, men ein liten peikepinn på kor mange som kjem er fint, so for dei som veit at dei tek turen så sender de ein e-post eller melding på mobil eller facebook til:

 

Sanna Dregelid

E-post: sport@fbkvoss.no

Tlf. 90051259

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products