Samarbeid mellom FBK Voss og GMB Aktiv Helse

For å kunne trene og spele fotball er prioritet nummer 1 å halde seg skadefri. FBK Voss har difor for sesongen 2017 inngått eit samarbeid med GMB Aktiv Helse for å auke kunnskapen til våre spelarar og trenarar for korleis ein kan drive skadeførebyggande trening.

I løpet av januar og februar gjennomførte Gunn Marit Bergstrøm fysioterapaut hjå GMB Aktiv Helse skadeførebyggande trening for spelarar i aldersgruppa 2002 - 2004. Dei fekk tilbod om lagsøkter 3 - 6 gonger, der kvar økt vara 45 min. Dette er ein del av den raude tråden innanfor området skadeførebyggande trening som me håpar skal vere godt implementert i alle aldersklassar i løpet av eit par år. 

Gjennom treninga i vinter håpar me at både spelarar og trenarar lært mykje som dei kan ta med seg inn i den daglege treninga. 

Om uhellet skulle vere ute eller ein ynskjer meir oppfølging når det gjeld skadeførebyggande trening eller andre helsrelaterte utfordringar så har FBK Voss vald å vidareføre samarbeidet med GMB Aktiv Helse. Det betyr at alle som er medlem i Fotballklubben Voss får 15% rabatt på timar hjå fysioterapaut eller muskelterapaut hjå GMB Aktiv Helse. 

For bestilling kan ei gå innom kontora deira i kjellaren i Idrettshallen eller nytte seg av følgjande kontaktinformasjon:

Fysioterapaut Gunn Marit Bergstrøm - Tlf. 91878239

Muskelterapaut Myrna Dral - Tlf. 90686425

E-post: post@gmb-aktivhelse.no

 

Nb! Ynskjer ein å lese meir om skadeførebygging så kan ein gå inn på Aktivitet og Skadeførebygging på heimesida. Her ligg det meir informasjon og ein finn og oppvarminsprogrammet "Spelklar" 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products