Herre- og damelaget si ekstratrening

Me har no gjennomført to økter med herre- og damelaget si ekstraøkt, og det ser ut som om dette er eit tiltak som er tatt godt i mot av både spelarar og foreldre.

Onsdag 26.april vart fyrste treninga gjennomført. Damelaget hadde regien denne dagen. Planen var lagt, men trur alle var litt spente på korleis dette ville gå. Nokre årgangar møtte mannsterke opp, medan andre var litt færre. Sidan dette er ei ekstraøkt er dette akkurat slik ein forventar at det skal vere. Etter å ha fått alle spelarane på plass der dei skulle vere kunne me gledleg telje opp at ca. 70 stk hadde vald å ta turen laugh

Alle områda var delt likt inn og og alle øktene vart gjennomført etter den same modellen. Fyrst felles oppvarming før ein delte inn tre ulike stasjonar med leik/fotarbeid, tilpassa småbanespel og føreløype med avslutningar. Dette er ein enkel organiseringsform som ein kan nytte alle åra i barnefotballen. Den gir eit høgt aktivitetsnivå og mykje god ferdigheitslære. 

Onsdag 3.mai var det herrelaget sin tur. Dei hadde full kontroll, og både spelarar, trenarar og foreldre kosa seg i nydeleg sommarver. Det møtte like mange spelarar til denne økta, og me håpar at det vil kome like mange neste onsdag. Med så mange spelarar håpar me at foreldre og trenarar ynskjer å vere med å bidra i gjennomføringa. Ikkje lett for ein person å ha kontroll på 20 speleglade born wink

Me jobbar kontinuerleg for å betre kvaliteten i desse øktene, og håpar at dette vert eit fast tiltak som er med på å skape både glade og lærelystne spelarar smiley

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift