FFO+ - med fokus på fotball

Fotballfritidsordninga (FFO) vert vidareført på tysdagar, onsdagar og torsdagar og vil framleis ha fokus på allsidig aktivitet. FFO+ på måndagar vil ha fotball som fokus!

Fotballfritidsordninga (FFO) har no gått i nesten eit heilt skuleår. For FBK Voss sin del har dette gått veldig bra, og me har difor bestemt oss for å tilby FFO også for skuleåret 2017/2018. Mange har allereie meldt seg på, og det begynner å bli fullt! Me ynskjer at FFO skal vere gjennomsyra av kvalitet, me har difor bestemt oss for at me i dag ikkje har kapasitet til å auke talet på plassar tysdag, onsdag og torsdag. I staden har me bestemt at me på måndagar startar opp med det me har vald å kalle FFO+. 

Kva er FFO+ ?

FFO+ vert eit tilbod til elevar i 5.-7. klasse ved alle skular i Voss Kommune. FFO+ vil ha utvikling av fotballferdigheiter som hovudfokus. Elevane må sjølve ta seg frå skulen og ned til Idrettshallen. 

Bussruter per april 2017

Bjørgum Skule: 14:04

Palmafossen Skule: 13:46

Skulestad Skule: 13:41

Sundve Skule: 13:52

Bulken: ?

Dagsplan FFO+

14:00 - 14:45: I dette tidsrommet møter elevane i Idrettshallen. Det vert servert frukt og grønt, viktig med litt påfyll før treninga startar. Det vert og moglegheit for å gjere lekser for dei som ynskjer det.

14:45 - 16:00: Fotballtrening. Vår, sommar og haust vil ein halde til ute på kunstgraset. Om vinteren er ein inne i Idrettshallen. 

16:00 - 16:30: Skadeførebyggande trening i form av rørsletrening, koordinasjon og liknande. 

16:30: Dag slutt

Målsettinga med FFO+

Målsettinga med FFO+ er å gje borna moglegheit til å få ei ekstra fotballøkt i veka. Etter omlegginga av seriesystemet i barnefotballen spelar ikkje borna i 5.-7. klasse kampar på måndagar, det er difor me har vald denne dagen for gjennomføringa av FFO+. Treningane vil ha fokus på individuell ferdigheitsutvikling og skal vere eit supplement til all anna aktivitet borna driv med. Foreldre og føresette må sjølve vurdere kor mykje aktivitet borna deira skal vere med på.

Påmeldinga er open fram til det er fullt! 

Link til påmeldingsskjema: https://goo.gl/forms/7ApOPNSJZuuZjjV62

 

Alle spørsmål i samband med påmelding kan rettast til leiar for FFO:

Bjarte Bergstrøm

Tlf: 97542820

E-post: ffo@fbkvoss.no 

 

 

Sosiale medier

Hovudsponsor

                       

                   

           

 

 

©2017 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift