FBK Voss

Transport til bortekamp

Transport til bortekamp

Barne- og ungdomsfotball til og med 14 år

All transport i denne alderen skjer i hovudsak i privatbilar med foreldre som sjåførar. Laga bestemmer sjølve korleis ein ynskjer å organisere transporten. Det viktige er å syte for at alle spelarar kjem seg til kamp! Transport til bortekamp skal vere eit av punkta som vert tatt opp på foreldremøte i forkant av sesongen. Ynskjer ei å lage køyrelister slik at ein rullerer på køyringa eller skal det vere tilfeldig slik at dei som vil køyrer? Fram til og med 11-års alderen er det sjeldan lange turar det er snakk om. Frå 12 år – 14 år kan det vere lengre turar og det vert fort større utgifter knytt til transporten.   

Ungdomsfotball frå og med 15 år og seniorfotball

Når spelarane vert 15 år så dekkjer FBK Voss all transport til bortekampar. Det betyr at ingen spelarar skal ha utgifter knytt til transport til bortekampar! Anbefalinga er at laget bestiller minibuss og sjølve stiller med sjåfør. Har ein ikkje sjåfør som kan køyre minibussen er alternativet og køyre privatbilar og levere reiserekning eller å bestille minibuss med sjåfør. 

Bestilling av minibuss:

  • Oppgje at du bestiller til FBK Voss 
  • Skal alltid sei kva lag ein bestiller for (f.eks. Gutar 16) og kven som er kontaktperson
  • Rekninga vert sendt direkte til klubb og rekneskapsført på det aktuelle laget.  

Nesten eigen buss i klubben 

Me har no gjort avtale med Bent Kvamme vedrørande bruk av minibussen hans.

Laga tar direkte kontakt med Bent på mob. 95 70 12 34 eller på mail: bent.kvamme@gmail.com og bestiller bussen. Han vil ha oversikt/kalender på dette og styrer utleiga. NB! Oppgje kva lag det gjeld slik at ein har oversikt på utgiftene.

Bent fyller drivstoff og held oversikt over dette også. Han kan i enkelte tilfeller også køyre, men dette må de avtale direkte med Bent.


HOVUDSPONSOR

ANDRE SPONSORAR









©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift